Frå Flåm til Brussel

Rebecca Lirhus Horten arbeider til vanleg med reiseliv i Flåm. Denne hausten skal ho derimot arbeide i Brussel, og prøve seg som praktikant ved Vest-Norges Brusselkontor.

Rebecca kjem frå Granvin i Hardanger, og er på sitt siste år som lærling i reiselivsfaget hjå Flåm AS. Som ein del av læretida skal ho vere praktikant hjå Vest-Norges Brusselkontor i seks veker. «Dette er ein fantastisk moglegheit til å oppleve EUs midtpunkt, og eg ser fram til å jobbe i ein så internasjonal by som Brussel. Eg gler meg til å tileigne meg meir kunnskap om EU, og ikkje minst å lære meir om det arbeidet EU gjer som spesielt påverkar reiselivet i Fjord Noreg», seier Rebecca.

Kontoret går ein travel haust i vente, og Rebecca får blant anna ta del i administrative oppgåver, planlegging og førebuing av studiebesøk og praktisk tilrettelegging for kurs og konferansar. Kontoret har stor besøksaktivitet under den komande European Week of Regions and Cities, og Rebecca vil få mykje å henge fingrane i, både i planlegginga og gjennomføringa av dei mange arrangementa kontoret er med på å organisere. Ho vil også følgje EUs arbeid innan reiseliv medan ho arbeider for VNB.

Merete Mikkelsen, direktør ved VNB, er glad for å få enda ein praktikant inn på kontoret i det travle haustsemesteret, i tillegg til studentpraktikant Marte Christophersen Haugen. «Rebecca har allereie vist at ho er ein ressurs for kontoret, med mykje kunnskap i bagasjen – ikkje minst om reiseliv og den viktige rolla det har lokalt. Det blir kjekt å ha henne på kontoret denne hausten».

Rebecca gler seg til å ta fatt på dei varierte arbeidsoppgåvene: «Det som skjer i EU og Brussel er aktuelt for meg som arbeider med reiseliv i Flåm. VNB er den perfekte arbeidsplassen for å få betre forståing av Noreg sin posisjon i det store EU-systemet, i tillegg til at Brussel er ein flott møteplass for å bli kjend med nye menneskje».

I framtida tenkjer Rebecca å studere vidare, gjerne innan økonomi, administrasjon og marknadsføring. Erfaringa ho tileignar seg i Brussel vil kome godt med vidare i både studiar og jobb.

Vi ønsker Rebecca velkomen til kontoret og til Brussel!