Vil du hospitere hjå oss denne hausten?

I perioden september-desember tilbyr Vest-Norges Brusselkontor (VNB) hospitering i Brussel for tilsette og folkevalde i våre medlemsorganisasjonar. Hospitantperioden for den enkelte kan variere frå berre nokre dagar til eit par månader – alt etter kva formål ein har.

Hospitantopphaldet er aktuelt for mange ulike arbeidsområde. I samarbeid med arbeidsgjevar, lagar den enkelte sjølv ein plan for opphaldet og tematikken vedkommande ynskjer å arbeide med. VNB kan også vere behjelpeleg og kome med forslag til institusjonar og fagpersonar ein kan ta kontakt med. I tillegg får hospitanten høve til å delta på VNB sine internmøter og seminar der det er relevant, samt nettverksmøter vi deltar på. For dei som har lengre opphald hos VNB, er det også naturleg å ta på seg relevante oppgåver som kan vere til gjensidig nytte.

Lengda på opphaldet

Vår erfaring er at tidsramma avheng av grunngjevinga for hospitantoppholdet og sjølvsagt mogelegheitene på arbeidsgjevar si side. VNB har hatt hospitantar på alt frå nokre dagar til fleire månader. Mange veljer korte opphald av omsyn til andre oppgåver. Det er viktig å presisere at til dømes ei veke i Brussel kan vere svært nyttig, men at lengre opphald kan vere nødvendig dersom ein ynskjer å bli betre kjent med Brussel, jobbe med eit prosjekt eller eit spesifikt fagfelt.

Viss hospitanten ynskjer å skaffe seg kunnskap om eit avgrensa fagfelt, i tillegg til å få eit innblikk i VNB sitt arbeid, kan det vere nyttig med 3-4 veker. Dersom målet er å skaffe seg ein breiare forståing av EU/EØS, innsikt i eitt eller fleire fagområde, samt eit innblikk i vårt arbeid, kan eit lengre opphald på opp til 2 månader vere formålstenleg. Opphald utover 2 månader kan i nokre tilfelle vere aktuelt, men må då avtalast med VNB og arbeidsgjevar. Om hospitantopphaldet skal brukast til prosjektskriving og partnarkontakt, kan 2 veker dekke dette behovet.

Praktisk informasjon

Vest-Norges Brusselkontor tilbyr kontorplass med internett og tilgang på møterom, men hospitanten må sjølv ta med eigen laptop. Ein må organisere reise og bustad sjølv, men VNB er sjølvsagt behjelpeleg med tips og råd. Alle økonomiske omstende må avklarast med den respektive arbeidsgjevaren.

Søknad og utveljing

VNB opnar for søknader frå alle medlemsorganisasjonar, og vi tar imot søknader fortløpande. For å kunne følge opp hospitanten, tek vi som regel berre inn ein hospitant av gongen. Vi kan ha to hospitantar samtidig, med spesielle grunnar som til dømes felles tematisk fokus eller dersom dei kjem frå same organisasjon. Vi avgjer dette i samråd med dei som søker. I oktober og november vil vi ha to studentprakitkantar samtidig, og vil difor berre kunne ta imot ein hospitant i denne perioden. Utveljinga vil basere seg på geografisk fordeling, bakgrunn for søknaden og tilgjengeleg kapasitet.

I søknaden ynskjer vi informasjon om:

  • Tidsrom og lengde for hospitantopphaldet
  • Grunngjeving av kvifor det er interessant og relevant for deg å hospitere hos VNB, og nokre idéar for opphaldet ditt i Brussel
  • Om du allereie har diskutert opphaldet med arbeidsgjevar og fått godkjenning til å søke, eller om dette må gjerast i etterkant

Vi ber om at du sender søknad på e-post til direktør Merete Mikkelsen på merete.mikkelsen@west-norway.no. Merk mailen med ”hospitant haust 2023”.

Ta gjerne kontakt med oss før du søker om du vil diskutere planane dine. Meir informasjon om Vest-Norges Brusselkontor finn du her.

VNB fyller 20 år

I år fyller Vest-Norges Brusselkontor 20 år! Den første av fleire markeringar av jubileumsåret var ei fagleg samling for medlemane våre på Vestlandshuset i Bergen 9. juni, med fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis som vertskap.

Les mer

Oppdatert: Maritim sikkerheitsstategi i EU

Europakommisjonen har i samråd med EU sin representant for utanriks- og sikkerheitspolitikk kome med ei kunngjering om ein styrka maritim sikkerheitsstrategi. Havet utgjer ein viktig del av Unionen sin økonomi av fleire grunnar. Til dømes vert 80% av verdas handel og to tredjedelar av fossilt brennstoff  frakta  til sjøs og heile 99% av globale datastraumar vert sendt gjennom undersjøiske kablar. Maritim sikkerheit er difor vesentleg for EU. Les mer

Kommisjonen gir kompetanse et ekstra løft i 2023

Kommisjonspresident Ursula von der Leyen annonserte i sin «State of the Union»-tale at 2023 skal bli «the European Year of Skills». Kompetanse føyer seg inn i rekken av EUs tematiske år, der Kommisjonen velger ut et tema de ønsker å rette spesielt fokus på. 2022 er dedikert til ungdommen.   Les mer

Mangel på sesongarbeidere i landbruket – en uforutsett problemstilling

Som følge av Covid-19 er det innført strenge karanteneregler, skjerpet grensekontroll og kutt i transportmuligheter. Dette gir trøbbel for flere europeiske land som er helt avhengige av utenlandske sesongarbeidere for å kunne høste bær, frukt og grønnsaker. EU svarer på utfordringen. Les mer

Fremtidsrettet arbeidsprogram fra Europakommisjonen

Europakommisjonen la 29. januar fram sitt arbeidsprogram for 2020. Green Deal, digitalisering og vern om europeiske kjerneverdier vil som ventet bli høyt prioritert i løpet av det neste året.
Les mer

Takk for meg, Brussel

Vårsemesteret er på hell og vår studentpraktikant Karoline Hannisdal avslutter i disse dager sitt opphold hos Vest-Norges Brusselkontor. Vi takker Karoline for en fin tid og flott innsats for kontoret, og ønsker henne lykke til videre. Her er noen ord fra Karoline om de inntrykkene hun sitter igjen med etter oppholdet i Brussel.

Les mer

Takk for oss, Brussel!

«Et lærerikt og morsomt semester som studentpraktikanter i Brussel går mot slutten og vi drar hjem med gode minner og erfaringer i bagasjen», sier våre avtroppende praktikanter Bjarte og Live. «De siste månedene har vært fylt med nye inntrykk, vennskap og opplevelser.»

Les mer

Kompetanseheving i fokus i oktober

I oktober har vi hatt gleden av å bidra til flere studiebesøk fra Vest-Norge – både store konferanser og delegasjonsbesøk fra regionen. Den siste uken har det vært skolerelaterte besøk som har vært i fokus med Sogn og Fjordane Skolelederforbund, ansatte ved Stranda videregående skole i Møre og Romsdal og en flott klasse med engasjerte ungdom fra Fagerlia videregående skole.
Les mer

Ny KS-rapport om EU og kommunal sektor

Rapporten «EU på dagsorden i norske kommuner og fylkeskommuner» ble nylig publisert av NIBR på bestilling fra KS. Rapporten anslår at omtrent halvparten av sakene på dagsordenen i norske kommunestyrer og fylkesting blir berørt av EU eller EØS. EU-politikk og EU-regelverk påvirker spesielt områder som planlegging, samferdsel, klima og miljø. Les mer