VNB fyller 20 år

I år fyller Vest-Norges Brusselkontor 20 år! Den første av fleire markeringar av jubileumsåret var ei fagleg samling for medlemane våre på Vestlandshuset i Bergen 9. juni, med fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis som vertskap.

Sidan oppstarten av kontoret har kompetanse skilt seg ut som eit av våre fokusområde, og det var tema for samlinga i Bergen. Det passar ekstra godt ettersom 2023 er EU sitt kompetanseår (EU Year of Skills). Assisterande direktør i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Gro Tjore, snakka om utviklinga av EU sin utdannings- og kompetansepolitikk, og korleis Unionen går framtida i møte med verktøy som til dømes Erasmus+. I tillegg fekk vi gode døme på maritim utdanning, blått kompetansearbeid og hydrogenutdanning frå høvesvis Møre og Romsdal fylkeskommune, Havbyen Bergen og Høgskulen på Vestlandet. EU sin ambassadør til Noreg, Nicolas de La Grandville, deltok med videohelsing der han framheva den viktige rolla til regionkontora og takka for godt samarbeid. Det var også stor stas at Anne-Grete Strøm-Erichsen var med oss på feiringa. Ho tok i si tid initiativ til å etablere kontoret, og var VNB sin første styreleiar.

Det er også planlagt ei markering i Møre og Romsdal til hausten, mens hovudmarkeringa blir i Brussel i november i høve EU Hydrogen Week.