Tilbod om hospitering hos Vest-Norges Brusselkontor

Vest-Norges Brusselkontor (VNB) tilbyr hospitering i Brussel for tilsette og folkevalde i våre medlemsorganisasjonar. Hospitantperioden for den enkelte kan variere frå berre nokre dagar til eit par månader – alt etter kva formål ein har.

Kontaktnettverk
Vest-Norges Brusselkontor har eit bredt nettverk både i det norske og i det internasjonale miljøet i Brussel. Det vil sei i EU-institusjonane, interesseorganisasjonar, europeiske paraplyorganisasjonar og ein rekke regionale aktørar.

Agenda
Hospitantopphaldet er aktuelt for mange ulike arbeidsområde. I samarbeid med arbeidsgjevar, lagar den enkelte sjølv ein plan for opphaldet og tematikken vedkommande ynskjer å arbeide med. VNB kan også vere behjelpeleg og kome med forslag til institusjonar og fagpersonar ein kan ta kontakt med. I tillegg får hospitanten høve til å delta på VNB sine internmøter og seminar der det er relevant, samt nettverksmøter vi deltar på. For dei som har lengre opphald hos VNB, er det også naturleg å ta på seg relevante oppgåver som kan vere til gjensidig nytte.

Lengda på opphaldet

Vår erfaring er at tidsramma avheng av grunngjevinga for hospitantoppholdet og sjølvsagt mogelegheitene på arbeidsgjevar si side. VNB har hatt hospitantar på alt frå nokre dagars opphald i Brussel, til fleire månader. Mange veljer korte opphald av omsyn til andre oppgåver. Det er viktig å presisere at til dømes ei veke i Brussel kan vere svært nyttig, men at lengre opphald kan vere nødvendig dersom ein ynskjer å bli betre kjent med Brussel, jobbe med eit prosjekt eller eit spesielt fagfelt.

Viss hospitanten ynskjer å skaffe seg kunnskap om eit avgrensa fagfelt, i tillegg til å få eit innblikk i VNB sitt arbeid, kan det vere nyttig med 3-4 veker. Dersom målet er å skaffe seg ein breiare forståing av EU/EØS, innsikt i eitt eller fleire fagområde, samt eit innblikk i vårt arbeid, kan eit lengre opphald på opp til 2 månader vere formålstenleg. Opphald utover 2 månader kan i nokre tilfelle vere aktuelt, men må då avtalast med VNB og arbeidsgjevar. Om hospitantopphaldet skal brukast til prosjektskriving og partnarkontakt, kan 2 veker dekke dette behovet.

Praktisk informasjon

Vest-Norges Brusselkontor tilbyr kontorplass med internett og tilgang på møterom, men hospitanten må sjølv ta med eigen laptop. VNB har to arbeidsstasjonar til disposisjon saman med dei tilsette. Ein må organisere reise og bustad sjølv, men VNB er sjølvsagt behjelpeleg med tips og råd. Alle økonomiske omstende må avklarast med den respektive arbeidsgjevaren.

Søknad og utveljing

VNB opnar for søknader frå alle medlemsorganisasjonar, og  vi tar i mot søknader fortløpande. For å kunne følge opp hospitanten, tek vi som regel berre inn ein hospitant av gongen. Vi kan ha to hospitantar samtidig, med spesielle grunnar som til dømes felles tematisk fokus eller dersom dei kjem frå same organisasjon. Vi avgjer dette i samråd med dei som søker. Utveljinga vil basere seg på geografisk fordeling, bakgrunn for søknaden og tilgjengeleg kapasitet.

I søknaden ynskjer vi informasjon om:

  • Tidsrom og lengde for hospitantopphaldet
  • Grunngjeving av kvifor det er interessant og relevant for deg å hospitere hos VNB, og nokre idéar for opphaldet ditt i Brussel
  • Om du allereie har diskutert opphaldet med arbeidsgjevar og fått godkjenning til å søke, eller om dette må gjerast i etterkant

Vi ber om at du sender søknad på e-post til direktør Merete Mikkelsen på merere.mikkelsen@west-norway.no. Merk mailen med ”hospitant”.

Ta gjerne kontakt med oss før du søker om du vil diskutere planane dine. Les om erfaringer fra noen av våre tidligere hospitanter her: