Rosa

Auka kunnskapen om Horisont 2020

Eg jobbar i Sogn og Fjordane fylkeskommune som internasjonal koordinator, og eg er heldig og har jobba tett med Vest-Norges Brusselkontor (VNB) i tre år. Difor kjenner eg kontoret godt, og eg har lært mykje gjennom alle dei besøka, kurs og seminara eg har delteke på gjennom VNB. Mitt føremål med eit kort hospitantopphald (berre 8 dagar) på kontoret var difor ikkje å lære meg korleis kontoret jobbar eller korleis EU fungerer. Føremålet mitt med hospitantopphaldet var denne gongen å kome hands- on den nye programperioden som starta no i januar 2014.

 «Programperioden» er ein samlebetegnelse for alle dei ulike EU- finansieringsprogramma som no vil gå frå 2014 – 2020. Det finnes mange ulike program i regi av EU, og dermed også utroleg mange mulegheiter. I oppløpet til den nye programperioden har det vore eit auka fokus i Noreg på finansieringsmulegheiter gjennom EU, og spesielt programmet Horisont 2020 har fått mykje merksemd. Noreg måtte her også betale dyrt for å få lov til å kunne delta (16 milliardar kronar i kontingent som ein prosentdel av bruttonasjonalproduktet). Eg har brukt mine dagar på VNB til å setje meg inn i Horisont 2020, lære meg korleis ein kan søke på utlysingar og eg har verte kjent med dei ulike tema og måla innanfor dei ulike utlysningane. For her er veldig mykje å velje mellom!

Horisont 2020 (H2020) har no verte verdas største forskingsprogram med eit budsjett på dryge 70 milliardar euro i perioden 2014-2020. Hovudmålet for H2020 skal vere å bidra til å løyse dei største samfunnsutfordringane som EU og resten av verda står ovanfor. Dette skal løysast gjennom ein felles innsats frå ulike fagdisipliner og samarbeid  mellom private og offentlege aktørar. Det vil difor verte mykje viktigare med tverrsektorielt samarbeid i H2020 enn i tidlegare EU-programmer. Det er i H2020 mykje meir fokus på dei utfordringane som skal  jobbas med, i staden for ønska resultat. Dette gjer at utlysingane vil vere meir opne enn tidlegare og dekke heile kjeda av aktiviteter frå grunnforsking til marknadsintroduksjon.

Horisont 2020 har tre hovudtema;
– Framifrå vitskap
– Konkurransedyktige næringsliv
– Forsking for å løyse samfunnsutfordringar (inndelt i sju sentrale utfordringar)

Å setje seg inn i H2020 har teke si tid, så det har verte mykje lesing og studering. Eg har likevel fått mulegheit til å delteke på Osloregionens Europakontor sitt seminar Top of the Agenda. Her var tema The rise of right-wing extremism in Europe – the links between economic crisis, unemployment, political and social instability og New Climate and Energy proposal for 2030 – Regions, member states and the EU pulling together. Ikkje direkte knytt til H2020, men det var fleire gode innlegg og interessante tema og utfordringar som vart presentert.

Det har vore veldig interessant å jobbe frå innsida av kontoret. Det å kunne nytte dei rundt deg, snakke med folk som har mykje betre innsikt i tema enn meg sjølv, gjer eit hospitantopphald til ein lærarrik oppleving. 

Foto: privat