I perioden september-desember tilbyr Vest-Norges Brusselkontor (VNB) hospitering i Brussel for tilsette og folkevalde i våre medlemsorganisasjonar. Hospitantperioden for den enkelte kan variere frå berre nokre dagar til eit par månader – alt etter kva formål ein har.
Hospitantopphaldet er aktuelt for mange ulike arbeidsområde. I samarbeid med arbeidsgjevar, lagar den enkelte sjølv ein plan for opphaldet og tematikken vedkommande ynskjer å arbeide med. VNB kan også vere behjelpeleg og kome med forslag til institusjonar og fagpersonar ein kan ta kontakt med. I tillegg får hospitanten høve til å delta på VNB sine internmøter og seminar der det er relevant, samt nettverksmøter vi deltar på. For dei som har lengre opphald hos VNB, er det også naturleg å ta på seg relevante oppgåver som kan vere til gjensidig nytte.
Lengda på opphaldet
Vår erfaring er at tidsramma avheng av grunngjevinga for hospitantoppholdet og sjølvsagt mogelegheitene på arbeidsgjevar si side. VNB har hatt hospitantar på alt frå nokre dagar til fleire månader. Mange veljer korte opphald av omsyn til andre oppgåver. Det er viktig å presisere at til dømes ei veke i Brussel kan vere svært nyttig, men at lengre opphald kan vere nødvendig dersom ein ynskjer å bli betre kjent med Brussel, jobbe med eit prosjekt eller eit spesifikt fagfelt.
Viss hospitanten ynskjer å skaffe seg kunnskap om eit avgrensa fagfelt, i tillegg til å få eit innblikk i VNB sitt arbeid, kan det vere nyttig med 3-4 veker. Dersom målet er å skaffe seg ein breiare forståing av EU/EØS, innsikt i eitt eller fleire fagområde, samt eit innblikk i vårt arbeid, kan eit lengre opphald på opp til 2 månader vere formålstenleg. Opphald utover 2 månader kan i nokre tilfelle vere aktuelt, men må då avtalast med VNB og arbeidsgjevar. Om hospitantopphaldet skal brukast til prosjektskriving og partnarkontakt, kan 2 veker dekke dette behovet.
Praktisk informasjon

Vest-Norges Brusselkontor tilbyr kontorplass med internett og tilgang på møterom, men hospitanten må sjølv ta med eigen laptop. Ein må organisere reise og bustad sjølv, men VNB er sjølvsagt behjelpeleg med tips og råd. Alle økonomiske omstende må avklarast med den respektive arbeidsgjevaren.
Søknad og utveljing
VNB opnar for søknader frå alle medlemsorganisasjonar, og vi tar imot søknader fortløpande. For å kunne følge opp hospitanten, tek vi som regel berre inn ein hospitant av gongen. Vi kan ha to hospitantar samtidig, med spesielle grunnar som til dømes felles tematisk fokus eller dersom dei kjem frå same organisasjon. Vi avgjer dette i samråd med dei som søker. I oktober og november vil vi ha to studentprakitkantar samtidig, og vil difor berre kunne ta imot ein hospitant i denne perioden. Utveljinga vil basere seg på geografisk fordeling, bakgrunn for søknaden og tilgjengeleg kapasitet.
I søknaden ynskjer vi informasjon om:
- Tidsrom og lengde for hospitantopphaldet
- Grunngjeving av kvifor det er interessant og relevant for deg å hospitere hos VNB, og nokre idéar for opphaldet ditt i Brussel
- Om du allereie har diskutert opphaldet med arbeidsgjevar og fått godkjenning til å søke, eller om dette må gjerast i etterkant
Vi ber om at du sender søknad på e-post til direktør Merete Mikkelsen på merete.mikkelsen@west-norway.no. Merk mailen med ”hospitant haust 2023”.
Ta gjerne kontakt med oss før du søker om du vil diskutere planane dine. Meir informasjon om Vest-Norges Brusselkontor finn du her.
Hallaien, Erik!
/i Informasjon fra Vest-Norges Brusselkontor/av Erik DanielsenVi er glade for at vår praktikant, Erik Andreas Mohn Danielsen, er på plass i Brussel. Han startet hos oss i begynnelsen av september. EU-hovedstaden ga ham en varm velkomst med rundt 30C, men Erik har holdt hodet kaldt disse ukene, og er kommet godt i gang med arbeidet på kontoret. I denne artikkelen kan du bli litt bedre kjent med Erik og hans forventninger til praksisoppholdet hos Vest-Norges Brusselkontor (VNB).
Les mer
Hva skjer i Vest-Norge under Mobilitetsuken 2023
/i Energi, miljø og klima, Samferdsel/av Erik DanielsenDen europeiske mobilitetsuken (EMW) blir arrangert hvert år i perioden 16.-22. september og har som mål om å øke bevisstheten rundt bærekraftig transport i og rundt byer. I vår region er Bergen, Alver, Bjørnafjorden, Askøy og Øygarden blant kommunene som deltar. Du finner en oversikt over aktivitetene i disse kommunene her.
Les mer
Kjekk og lærerik start på hausten
/i Informasjon fra Vest-Norges Brusselkontor/av Anna SolvangÅ besøkje medlemane våre er både hyggeleg og lærerikt. Ikkje minst hjelper det oss med å drive godt interessearbeid i Brussel. Vi har hatt ein aktiv start på hausten, og har brukt august månad til å møte medlemar og samarbeidspartnarar på heimebane i regionen. Les mer
Europeisk samarbeid om framtidas kompetansebehov i helsesektoren
/i Europeisk samarbeid/av Anna SolvangHvordan kan utdanningssektoren og helse- og omsorgssektoren samarbeide enda tettere for å sørge for at helsepersonell har den kunnskapen og kompetansen som de trenger? Dette skal forskere og undervisere ved Høgskulen på Vestlandet se nærmere på, sammen med partnere i Norge og seks andre europeiske land. I juni møttes de til partnerskapsmøte i Bergen. Les mer
Vil du hospitere hjå oss denne hausten?
/i Ukategorisert/av Anna SolvangI perioden september-desember tilbyr Vest-Norges Brusselkontor (VNB) hospitering i Brussel for tilsette og folkevalde i våre medlemsorganisasjonar. Hospitantperioden for den enkelte kan variere frå berre nokre dagar til eit par månader – alt etter kva formål ein har.
Hospitantopphaldet er aktuelt for mange ulike arbeidsområde. I samarbeid med arbeidsgjevar, lagar den enkelte sjølv ein plan for opphaldet og tematikken vedkommande ynskjer å arbeide med. VNB kan også vere behjelpeleg og kome med forslag til institusjonar og fagpersonar ein kan ta kontakt med. I tillegg får hospitanten høve til å delta på VNB sine internmøter og seminar der det er relevant, samt nettverksmøter vi deltar på. For dei som har lengre opphald hos VNB, er det også naturleg å ta på seg relevante oppgåver som kan vere til gjensidig nytte.
Lengda på opphaldet
Vår erfaring er at tidsramma avheng av grunngjevinga for hospitantoppholdet og sjølvsagt mogelegheitene på arbeidsgjevar si side. VNB har hatt hospitantar på alt frå nokre dagar til fleire månader. Mange veljer korte opphald av omsyn til andre oppgåver. Det er viktig å presisere at til dømes ei veke i Brussel kan vere svært nyttig, men at lengre opphald kan vere nødvendig dersom ein ynskjer å bli betre kjent med Brussel, jobbe med eit prosjekt eller eit spesifikt fagfelt.
Viss hospitanten ynskjer å skaffe seg kunnskap om eit avgrensa fagfelt, i tillegg til å få eit innblikk i VNB sitt arbeid, kan det vere nyttig med 3-4 veker. Dersom målet er å skaffe seg ein breiare forståing av EU/EØS, innsikt i eitt eller fleire fagområde, samt eit innblikk i vårt arbeid, kan eit lengre opphald på opp til 2 månader vere formålstenleg. Opphald utover 2 månader kan i nokre tilfelle vere aktuelt, men må då avtalast med VNB og arbeidsgjevar. Om hospitantopphaldet skal brukast til prosjektskriving og partnarkontakt, kan 2 veker dekke dette behovet.
Praktisk informasjon
Vest-Norges Brusselkontor tilbyr kontorplass med internett og tilgang på møterom, men hospitanten må sjølv ta med eigen laptop. Ein må organisere reise og bustad sjølv, men VNB er sjølvsagt behjelpeleg med tips og råd. Alle økonomiske omstende må avklarast med den respektive arbeidsgjevaren.
Søknad og utveljing
VNB opnar for søknader frå alle medlemsorganisasjonar, og vi tar imot søknader fortløpande. For å kunne følge opp hospitanten, tek vi som regel berre inn ein hospitant av gongen. Vi kan ha to hospitantar samtidig, med spesielle grunnar som til dømes felles tematisk fokus eller dersom dei kjem frå same organisasjon. Vi avgjer dette i samråd med dei som søker. I oktober og november vil vi ha to studentprakitkantar samtidig, og vil difor berre kunne ta imot ein hospitant i denne perioden. Utveljinga vil basere seg på geografisk fordeling, bakgrunn for søknaden og tilgjengeleg kapasitet.
I søknaden ynskjer vi informasjon om:
Vi ber om at du sender søknad på e-post til direktør Merete Mikkelsen på merete.mikkelsen@west-norway.no. Merk mailen med ”hospitant haust 2023”.
Ta gjerne kontakt med oss før du søker om du vil diskutere planane dine. Meir informasjon om Vest-Norges Brusselkontor finn du her.
Kommisjonen lanserer strategisk fremsynsrapport
/i Aktuelt om EU/EØS, Energi, miljø og klima/av Anna SolvangEuropakommisjonen har presentert sin strategiske fremsynsrapport for 2023, som fokuserer på bærekraft og menneskelig velferd. Rapporten peker på de største utfordringene EU står overfor for å nå sine klimamål, og foreslår ti tiltak som kan bidra til en vellykket grønn omstilling. Les mer
Spania har tatt over formannskapen i Rådet
/i Aktuelt om EU/EØS/av Anna SolvangSpania tok over Sverige sitt roterande formannskap i Rådet 1. juli. Den geopolitiske og økonomiske situasjonen sett sitt preg på arbeidsprogrammet for det neste halvåret, og blant dei mest sentrale prioriteringane er re-industrialisering, økonomisk rettferd og europeisk samhald. For Noreg sin del kan prioriteringane til den spanske formannskapen påverke norske interesser. Les mer
Stolt Vestlending i Brussel
/i Informasjon fra Vest-Norges Brusselkontor, Ungdom, utdanning og FoU/av Anna SolvangForventingane mine til praksisopphaldet hjå Vest-Norges Brusselkontor (VNB) kan ikkje seiast å ha vore noko anna enn skyhøge. Moglegheita til å søke seg til eit praksisopphald i Brussel var utslagsgivande for at eg valde å studere samanliknande politikk i utgangspunktet. Nokre informasjonsmøter og ein gjesteforelesing med direktør Merete Mikkelsen seinare, var prioriteringslista klar. Det verka som at Vest-Norges Brusselkontor trumfa alle andre kule moglegheiter. Det stemte.
Les mer
VNB fyller 20 år
/i Ukategorisert/av Anna SolvangI år fyller Vest-Norges Brusselkontor 20 år! Den første av fleire markeringar av jubileumsåret var ei fagleg samling for medlemane våre på Vestlandshuset i Bergen 9. juni, med fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis som vertskap.
Les mer
Millionbeløp i støtte til ungdomsprosjekt
/i Aktuelt om EU/EØS, Ungdom, utdanning og FoU/av Anna SolvangFørste søknadsrunde i Erasmus+ Ungdom er over og Vestland og Møre og Romsdal er blant topp fem fylker i Noreg til å få innvilga prosjektmidlar. Les mer