Ny EU-strategi for betre utnytting av talent i regionane

I følgje SSB skal befolkninga i Noreg vokse med 11 prosent fram til 2050, men denne veksten har ei særs ujamn geografisk fordeling. Viken er venta å vokse mest med 18 prosent, og Nordland minst med -1,6. Vestland og Møre og Romsdal vil i følgje prognosane vokse mindre enn gjennomsnittet med høvesvis 8,7 og 4,6 prosent. Utfordringar knytt til dette er minkande arbeidsstyrke og at unge flyttar frå distrikta. Sjølv om heile landet har ein aldrande befolkning, er verknadane sterkast i distrikta på grunn av desse utfordringane.

Det er ikkje berre norske regionar og kommunar som har utfordingar med befolkningsnedgang. Europakommisjonen skriv at 82 av regionane i EU vert påverka av nedgåande arbeidsstyrke, låg del av innbyggarar med høgare utdanning og at den unge delen av befolkninga forlét regionen. Desse regionane utgjer opp mot 30 prosent av EU sin befolkning. For å støtte dei regionane som slit med å halda på eksisterande arbeidstakarar og rekruttering av nye med rett kompetanse , lanserer Kommisjonen ein «Talent Booster-Mekanisme».

Demografiske prognosar med konsekvensar

Ei rekke demografiske prognosar ligg til grunn for utviklinga av Talent Booster-Mekanismen:

  • Innan 2050 vil ca. 30 prosent av befolkninga i EU vere over 65 år
  • Forventa levealder fortsett å auke
  • Fruktbarheitstalet for 2020 var 1,5, men ein treng minst 2,1 for å oppretthalde befolkninga
  • Talet på husstandar veks, medan storleiken på husstandane minkar
  • Befolkninga i Europa vil utgjere 4 prosent av verdas befolkning i 2070, mot 6% i dag

Dersom ein ikkje handlar for å motverke desse prognosane, kan resultata by på utfordringar for heile Unionen. Både på regionalt nivå, med store forskjellar som kjelde til disputt, og på EU-nivå med tanke på konkurransedyktigheit i verdssamanheng.

Korleis skal «Talent Booster Mechanism» fungere?

Talentmekanismen er eit initiativ for å jobbe mot dei demografiske trendane som kan føre til at enkelte regionar kan ligge brakk. Kommisjonen delar initiativet inn i åtte punkt for korleis det vil støtte regionane.

  • Eit nytt pilotprosjekt skal hjelpe med å implementere strategiar for å lære opp, tiltrekke seg og behalde kompetanse.
  • Det nye initiativet «Smart adaptation of regions to demographic transition” skal hjelpe med å handtere lokale demografiske forandringar.
  • Technical Support Instrument (TSI) vil støtte medlemsland med å motarbeide ein minkande arbeidsfør befolkning og kompetansemangel.
  • Finansiell støtte til å stimulere innovasjon og moglegheiter for jobbar med høg kompetanse i regionane.
  • Under «European Urban Initiative» har ein tatt initiativ for å teste plassbaserte løysingar. Initiativet er leda av byar for å utvikle, behalde og tiltrekke seg kompetanse
  • Synleggjere EU-initiativ for å informere interesserte regionar om EU sin politikk innan forsking, innovasjon, utdanning og ungdomsmobilitet.
  • Utveksling av erfaringar og gode arbeidsmetodar
  • Forbetre analytiske kunnskapar for å støtte politikk på regional utvikling og migrasjon på grunnlag av forsking.
Talent Booster-mekanismen og EU sitt kompetanseår

Talentmekanismen er eit initiativ som står i stil med Europakommisjonen sitt forslag om å gjere 2023 til «the European year of skills». Forslaget om temaåret vart først presentert hausten 2022 under den årlege tala til Kommisjonspresident Ursula von der Leyen, «State of the Union». Ein forventar at temaåret startar opp for fullt i mai, då forhandlingane om detaljar kring temaåret framleis pågår. Forslaget er merka som EØS-relevant og Kunnskapsdepartementet har allereie vurdert temaåret som relevant for norsk politikk på området. Dei komande Stortingsmeldingane «Utsynsmeldinga» og «Profesjonsmeldinga», samt regjeringa si satsing på høgare yrkesfagleg utdanning, er konkrete dømer på samanfallande interesser. Departementet har difor tilrådd at forslaget blir inkorporert i EØS-avtalen.

Den svenske formannskapen i Rådet lanserer sitt arbeidsprogram

Sverige tar 1. januar over den roterande formannskapen i Rådet etter Tsjekkia. Dei går inn i formannskapen for tredje gong og vil i likskap med forgjengaren ha stort fokus på Ukraina og energikrisa i sitt arbeid. Les mer

Tre milliarder euro i potten til grønne innovasjonsprosjekter

Norske aktører kan nå søke prosjektmidler fra Kommisjonens tredje utlysningsrunde for store prosjekter gjennom EUs innovasjonsfond (EIF). I utlysningsrunden er prioriteten å følge opp REPowerEU-planen for å redusere avhengigheten av russisk olje og gass.  Les mer

Ny lovpakke skal gi forbedret luftkvalitet og renere vann

Kommisjonen har presentert sin nye lovpakke for null luftforurensning. Pakken inneholder strengere regler for luftkvalitet, forurensning av overflate- og grunnvann, og behandling av avløpsvann i urbane strøk. Lovpakken skal behandles gjennom EUs ordinære lovgivningsprosess.  Les mer

“En stødig og forent union” – Kommisjonens arbeidsprogram for 2023

Krig og energikrise gir et dystert bakteppe for Kommisjonens arbeidsprogram for 2023. Det neste året må EU håndtere presserende utfordringer samtidig som de langsiktige målene under Green Deal skal settes ut i livet. Les mer

EU lanserer plan for meir ungt engasjement i utanrikssaker

Førre veke annonserte Europakommisjonen sin handlingsplan for at unge skal engasjere seg i EU sine utanrikssaker. Handlingsplanen, Youth Action Plan in EU External Action, blir presentert i samband med at 2022 er det europeiske ungdomsåret.   Les mer

Fokus på dype teknologier i EUs nye innovasjonsagenda

I juli vedtok Kommisjonen en ny europeisk innovasjonsagenda. Formålet med agendaen er å hjelpe Europa med å utvikle ny teknologi for å håndtere samfunnsutfordringer og samtidig gjøre Europa til en ledende aktør på det globale innovasjonsmarkedet.  Les mer

Tsjekkisk formannskap i Rådet: Rethink, Rebuild, Repower!

Tsjekkia tok over Frankrike sitt roterande formannskap i Rådet 1. juli. Den geopolitiske og økonomiske situasjonen sett sitt preg på arbeidsprogrammet for det neste halvåret, og blant dei mest sentrale prioriteringane er Ukraina og energikrisa.  Les mer

REPowerEU: EUs nye energiplan oppsummert

Onsdag, 18. mai, presenterte Europakommisjonen en oppdatert versjon av energiplanen REPowerEU. Energiplanen skisserer konkrete tiltak som skal akselerere den grønne omstillingen, og samtidig gjøre Europa uavhengig av russisk olje og gass. En rekke mekanismer er også foreslått for å skjerme forbrukere og husholdninger for store energiutgifter som følge av importstoppen fra Russland. Ambisjonene er svært omfattende, og kommer med en prislapp på rundt €300 milliarder euro.

Les mer

EUs nye sol-satsing

Solenergi har fått betydelig innpass i Europakommisjonens nye energiplan, REPowerEU. Energiplanen legger frem hvordan EU skal bli uavhengig av russisk olje og gass, og samtidig oppnå en grønn omstilling. En rekke nye initiativ og strategier for solenergi skal nå bane vei for EUs energipolitiske overgang.

Les mer