Belgisk formannskap i Rådet

Belgia tok over Spania sitt roterande formannskap i Rådet 1. januar. Belgia tar over roret for 13. gong, og må handtere konsekvensar av krigen i Ukraina, klimaendringar, desinformasjon og krig i Midtausten. Til våren er det også val i Europaparlamentet, noko som vil prege arbeidet dei neste månadene. Det manglar likevel ikkje på ambisjonanene til den belgiske fomannskapen, som vil prioritere rundt 150 rettsaktar under sitt mandat. 

Belgia er andre land ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Spania og Ungarn. Belgia sitt formannskap vil bli prega av at det er val i Europaparlamentet 6. – 9. juni, og vil prioritere å ferdigstille forhandlingar om resterande initiativ i inneverande femårsperiode. Av dei tre landa er det kanskje knytt mest spenning til Ungarn, som ved fleire høve har blitt omtala som ein verkebyll for EU grunna utfordringar knytt til mellom anna rettstryggleik, ytringsfriheit, flyktningpolitikk og LHBTQ-rettigheitar. Under toppmøtet i desember la Victor Orban ned veto mot EU sitt langtidsbudsjett og støttepakken til Ukraina. Ungarn tar over formannskapet 1. juli, og må til hausten forhalda seg til eit nytt Europaparlament og ein ny Europakommisjon.

Korleis fungerar formannskapen i Rådet?

Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapen har ansvar for å leie rådsmøta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapen har rotert mellom medlemsstatane kvar 6. månad sidan 1958, og dei 27 noverande medlemane får tildelt dette vervet kvart 13,5 år. Ordninga med triosamarbeid, også kalla troika, vart innført i 2009 i samband med Lisboa-traktaten. Det første triosamarbeidet bestod av nettopp Spania, Belgia og Ungarn. Trioen har ein felles agenda som legg grunnlag for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar.

Den belgiske formannskapen © Danny Gys /MR

«Protect, Strengthen, Prepare»

Belgia skal no leie Rådet for 13. gong. Mottoet til formannskapen er «Protect, Strengthen, Prepare», og programmet for det komande halvåret har seks hovudprioriteringar:

1. Forsvare demokratiet, rettsstaten og dei europeiske verdiane

Formannskapet vil styrke inkluderinga av innbyggjarane. Her vil det vere særleg fokus på ungdom si deltaking, og å prioritere arbeidet med det europeiske utdanningsområdet, livslang læring og mobilitet. Belgia vil fremje demokratiske verdiar ved å styrke mediefriheit og mediemangfaldet, samt stimulere den digitale utviklinga av den kulturelle og kreative sektoren og styrke forholdet mellom kulturarv og europeisk identitet.

Utvidinga av EU er også eit tema, og formannskapet vil tilretteleggje for forhandlingar med kandidatlanda. Samtidig understreker formannskapen at det vil det vere avgjerande å tilpasse Unionen sine ressursar og beslutningsstruktur til ei eventuell utviding. Få med deg vår artikkel om EU sin plan for utviding, «Enlargment Packacge», her.

2. Styrke økonomien og konkurranseevna

I lys av den geopolitiske situasjonen og den raske utviklinga av ny teknologi som kunstig intelligens, vil EU si langsiktige konkurranseevne og industripolitikk bli prioritert. EU har som mål å sikre like konkurransevilkår for verksemder, særleg små og mellomstore bedrifter, slik at desse kan konkurrere på like vilkår både i EU og på den globale arenaen. Her er eit forutsigbart og forenkla regelverk blant prioriteringane, som er eit sentralt tiltak i «Net Zero Industry Act (NZIA)». Europaparlamentet og Rådet vedtok sine posisjonar på NZIA i høvesvis november og desember, og er no i gong med forhandlingar. Målet er å ferdigstille desse innan slutten av februar. NZIA heng tett saman med «Critical Raw Materials Act (CRMA)», som det vart politisk einighet om 13. november.

Den belgiske formannskapen vil arbeide for å styrke EU sin indre marknad og fortsette arbeidet med å fullføre kapitalmarknadsunionen og energiunionen. Det vil bli lagt særleg vekt på å redusere importavhengigheit og fremje teknologisk leiarskap i kritiske sektorar. Belgia har også som mål å styrke rollen til forsking, utvikling og innovasjon.

3. Ei grøn og rettferdig omstilling

Belgia sett energi- og klimaomstillinga i sentrum for sine prioriteringar. For å redusere sårbarheita for klimaendringar vil formannskapen arbeide for å styrke EU sin sirkulære økonomi samt tilpassings- og beredskapskapasitet. Programmet til formannskapen vil også fremje berekraftig vassforvaltning og auka energieffektivisering.

4. Helseagenda

Den belgiske formannskapen vil styrke den europeiske helseunionen, som Noreg og dei ande EFTA-landa nyleg fekk grønt lys til å bli med i. Dei formelle forhandlingane mellom EU og EFTA har enno ikkje starta. Ein styrka satsing på helseberedskap og legemiddelforsyning er nøkkelord, og Belgia vil arbeide for å ferdigstille «EU Health Data Space (EHDS)». I tillegg vil formannskapen prioritere forhandlingar kring den internasjonale pandemitraktaten, som er i regi av Verdas helseorganisasjon (WHO).

5. Beskytte innbyggjarane og grenseområda

Belgia vil forbetre EU sin tryggleik ved å motverke terrorisme og organisert kriminalitet, samt handtere migrasjon og asyl på ein solidarisk og ansvarleg måte. Den spanske formannskapen lukkast med å få på plass ein ny migrasjon- og asylpakt i desember, som vil ligge til grunn for formannskapet sitt arbeid. Målet er å ferdigstille dei gjenverande lovforslaga knytt til denne. Pakta skal styrke tillita og solidariteten mellom medlemsstatane og forbetre handteringa av migrasjon.

6. Eit globalt Europa

Geopolitiske utfordringar gjer at styrking av europeiske verdiar og sjølvstende er ein viktig del av formannskapen sitt program. Samtidig understreker Belgia at EU si tilnærminga legg vekt på openheit, dialog og samarbeid. For å nå sine utanrikspolitiske mål, må EU utnytte sin kapasitet innan økonomi, sikkerheit, forsvar, utvikling og humanitær bistand. Dette inkluderer ein ambisiøs, open, berekraftig og offensiv handelspolitikk innanfor eit styrka multilateralt handelssystem.

I programmet til formannskapen står det også at Belgia ynskjer å ytterlegare styrke samarbeidet med EØS-landa og at ein ser fram til å markere at EØS-avtalen fyller 30 år i 2024.

Programmet til Belgia kan du lese i sin heilskap her.

Trioprogrammet finn du her.