Spania har tatt over formannskapen i Rådet

Spania tok over Sverige sitt roterande formannskap i Rådet 1. juli. Den geopolitiske og økonomiske situasjonen sett sitt preg på arbeidsprogrammet for det neste halvåret, og blant dei mest sentrale prioriteringane er re-industrialisering, økonomisk rettferd og europeisk samhald. For Noreg sin del kan prioriteringane til den spanske formannskapen påverke norske interesser.

Spania er første land ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Belgia og Ungarn. Spania skal halde nasjonalval 24. juli, og kan dermed få ei ny regjering i starten av sin periode. Av dei tre landa er det kanskje knytt mest spenning til Ungarn, som ved fleire høve har blitt omtala som ein verkebyll for EU grunna utfordringar knytt til mellom anna rettstryggleik, ytringsfriheit, flyktningpolitikk og LHBTQ-rettigheitar. Ungarn tar over formannskapet hausten 2024, og må då forholda seg til eit nytt Europaparlament og ein ny Europakommisjon. Valet i EU-parlamentet finn stad i mai.

Korleis fungerar formannskapen i Rådet? 

Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet, og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapen har ansvaret for å leie rådsmøta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapen har rotert mellom medlemsstatane kvar 6. månad sidan 1958, og dei 27 noverande medlemane får tildelt dette vervet kvart 13,5 år. Ordninga med triosamarbeid, også kalla troika, vart innført i 2009 i samband med Lisboa-traktaten. Trioen har ein felles agenda som legg grunnlag for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar.

Spania har vore medlem av EU sidan 1986 og skal no leie Rådet for femte gong. Mottoet til formannskapen er «Europe, closer», og programmet for det komande halvåret har fire hovudprioriteringar:

1: Re-industrialisere EU og sikre strategisk autonomi

EU har dei siste åra sett at strategisk viktig industri har flytta ut av Europa, som har resultert i at Unionen har blitt svært avhengig av tredjeland når det kjem til energi, råmateriale, digitale teknologiar og mat. EU ynskjer å reversere denne trenden ved å tilretteleggje for ny industri, mellom anna gjennom initiativa «Net Zero Industry Act» og «Critical Raw Materials Act» som vart lansert tidlegare i år. Den spanske formannskapen vil prioritere dette på fleire frontar, som å styrke europeiske verdikjedar, fremje utvikling av strategiske teknologiar og diversifisere EU sine handelsrelasjonar. Særleg samarbeidet med Latin-Amerika og Karibia blir framheva. Spania planlegg også å lansere ein langsiktig strategi for økonomisk sikkerheit og globalt leiarskap.

2: Sikre framgang i den grøne omstillinga 

Formannskapen skriv at ei vellukka grøn omstilling vil bidra til ein vesentleg reduksjon i EU si importavhengigheit av energi og råmateriale, lågare energikostnadar og auka konkurransekraft. Berre dette tiåret har det grøne skiftet potensiale til å skape ein million nye arbeidsplassar i EU. Den påbegynte reforma av EU sin elektrisitetsmarknad og hydrogen- og gasspakka under «Fit for 55» står høgt på prioriteringslista til Spania. I tillegg er grønt drivstoff, berekraftig produktdesign samt reduksjon av avfall og mikroplast nemnt som viktige prioriteringar.

3: Fremje sosial og økonomisk rettferdigheit 

Spania vil ha meir rettvis fordeling av dei økonomiske ressursane, og ynskjer å etablere minimum- og fellesstandardar for selskapsbeskatning i alle medlemsland. Formannskapen vil også kjempe mot skatteundragning frå multinasjonale selskap, som i dag kostar EU 1,5 BNP-poeng årleg. Summen tilsvarar det Unionen brukar på boligpolitikk og miljøvern.

4: Styrke det europeisk samhaldet

Formannskapen vil fremje vidareutvikling av den indre marknaden, samt ferdigstille bankunionen og kapitalmarknadsunionen. Ei koordinert støtte til Ukraina og andre naboland vil også vere sentralt.

Prioriteringane til den spanske formannskapen kan også påverke Noreg, til dømes den grøne alliansen med EU som no skal fyllast med konkret innhald. Karbonfangst -og lagring er eit av områda som er nemnt spesifikt i alliasen. I ein kronikk i E24, skriv Lina Strandvåg Nagell ved Bellona sitt Brusselkontor at europeiske støttemekanismar for fangst, transport og lagring av CO2 kan bli nedprioritert. Spania har nemleg stilt spørsmålsteikn rundt støtte til CCS. Eit spansk regjeringsskifte kan også kunne føre til endringar i dei overordna prioriteringane.

Dersom du er interessert i å lese alle sakene Spania vil arbeide med, kan du lese heile arbeidsprogrammet her. Formannskapen har også ei eiga nettside som blir oppdatert jamleg.

Arbeidsprogrammet til Spania, Belgia og Ungarn finn du her.