Stolt Vestlending i Brussel

Forventingane mine til praksisopphaldet hjå Vest-Norges Brusselkontor (VNB) kan ikkje seiast å ha vore noko anna enn skyhøge. Moglegheita til å søke seg til eit praksisopphald i Brussel var utslagsgivande for at eg valde å studere samanliknande politikk i utgangspunktet. Nokre informasjonsmøter og ein gjesteforelesing med direktør Merete Mikkelsen seinare, var prioriteringslista klar. Det verka som at Vest-Norges Brusselkontor trumfa alle andre kule moglegheiter. Det stemte.

Nokre opplevingar skil seg ekstra ut, spesielt dei store arrangementa eg har fått være med å arrangere. Lynkurs i EU og EØS og Næringsforum Vestland sitt arrangement  i Brussel står sterkt i minne når eg no takkar for meg. Lynkurset var noko av det aller første eg fekk vere med på, og gjorde at eg fekk lært meir om EU/EØS samtidig som eg vart kjend med både representantar frå fleire av VNB sine medlemsorganisasjonar og aktørar i Brussel som VNB samarbeider med. Næringsforum Vestland sitt arrangement gav meg større innsikt i arbeidet rundt Grøn region Vestland, men fekk og vist nytten og viktigheita av å vise seg fram som ein aktuell samarbeidspartnar for Europa.

Eg hadde ein forventing om å få eit innblikk i regionalt interessearbeid i Brussel, men det som kanskje har gjort eit endå sterkare intrykk gjennom praktikantopphaldet er innsikta i det utviklingsarbeidet som skjer heime i regionen. Det finst eit enormt pågangsmot for å drive fram nye løysingar på store samfunnsproblem som strekk seg utover regionen og Noreg sine grenser. Som om eg ikkje var stolt nok over å vere vestlending frå før, er eg det i alle fall no.

Praktikantopphaldet har i tillegg bydd på moglegheiter til å presentere arbeidet til kontoret for andre aktørar, og kanskje kjekkast av alt å skrive praksisrapport på bestilling frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Å bytte ut eksamenar som blir lagt vekk etter gjennomlesing med presentasjon av praksisoppgåve som vert lytta til med spissa øyrer har gitt meirsmak og ei utruleg kjensle av meistring.

Gjennom kurs, møter og nettverksarrangement har eg også blitt kjent med praktikantmiljøet i Brussel. Det har vore eit opent og inkluderande miljø som har gjort Brussel til ein god stad å vere. Praktikant-kollegaer har blitt gode vener og ettermiddagar og helger har blitt fylt med reiser, kulturliv og god mat og drikke i hjartet av Europa.

Oppsummert har eg som praktikant hjå Vest-Norges Brusselkontor fått ta del i eit arbeid med ringverknader, utvida eigen horisont, fått ny kompetanse og kanskje blitt kjent med nokre av mine framtidige kollegaer. Eg er takknemleg for moglegheitene, audmjuk over tilliten og stolt over å ha fått lov til å bidra med ein liten del av eit stort, kontinuerleg arbeid med å gjere Europa litt meir tilgjengeleg for regionen – og regionen litt meir tilgjengeleg for Europa.

Takk for meg Brussel!

Eli K. Løfvenius