Den svenske formannskapen i Rådet lanserer sitt arbeidsprogram

Sverige tar 1. januar over den roterande formannskapen i Rådet etter Tsjekkia. Dei går inn i formannskapen for tredje gong og vil i likskap med forgjengaren ha stort fokus på Ukraina og energikrisa i sitt arbeid.

Sverige si leiing markerer slutten på inneverande troikasamarbeid rundt formannskapen i Rådet, som dei har hatt saman med Frankrike og Tsjekkia. Dei tre landa har ein felles agenda som utgangspunkt for arbeidet sitt, men dei har også hatt høve til å kome med eigne prioriteringar for sin periode som formann i Rådet til Den europeiske union. Svenskane har no lansert sitt arbeidsprogram for perioden i formannskapen som dei har fram til juni. Til saman har dei peikt ut fire hovudprioriteringar for arbeidet: 

Tryggleik og eining 

Den svenske formannskapen vil prioritere å fortsette den økonomiske og militære støtta til Ukraina. Dei vil også støtte og følgje opp arbeidet med å føre Ukraina nærare EU. Ukraina er eitt av EU sine kandidatland og den svenske formannskapen vil hjelpe dei med å innføre reformene som er naudsynte for å oppnå krava for å tiltre Unionen. Formannskapen vil også skape konsensus for ein robust europeisk tryggleiks- og forsvarspolitikk. Sverige vil arbeide for å implementere forsvarsdelen av EU sitt strategiske kompass for tryggleik og forsvar. Å halde fram med det tette samarbeidet mellom EU og NATO blir også særleg prioritert. 

Motstands- og konkurransekraft 

Sverige vil arbeide for å drive fram økonomisk vekst som dei ser på som naudsynt for å møte dei langsiktige utfordringane i Europa. Fleire europeiske land slit med høg inflasjon og høge renter. Sverige meiner at Europa si globale rolle, styrke og motstandskraft avheng av den økonomiske produksjonen, som er tett knytt til fellesmarknaden. Sjølv i urolege økonomiske tider må Europa stå støtt når det gjeld den grøne omstillinga i økonomien og verne om grunnlaget for den europeiske modellen for å sikre økonomisk vekst. Den svenske formannskapen vil difor arbeide for å forankre ei samordna tilnærming til europeisk konkurransekraft øvst på den politiske agendaen. Slik ynskjer dei å skape ein robust europeisk økonomi. 

Framgang i grøn omstilling og energiomstilling 

Høge energiprisar og store diskusjonar om pristak på gass har prega den politiske hausten i Brussel. Den svenske formannskapen seier at dei vil fortsette med arbeidet for å handtere høge og ustabile energiprisar. Samstundes vil dei arbeide med langsiktige reformar for energimarknaden i den perioden dei har leiinga. I haust har den tsjekkiske formannskapen fleire gonger klart å lande semje mellom Rådet og Europaparlamentet i “Fit for 55”-lovpakka. Dette arbeidet skal den svenske formannskapen halde fram med i sin periode, og dei vil fokusere på direktiva om energieffektivisering og fornybar energi, samt lovforslaga innan transport. Formannskapen har som ambisjon å skape framgang i arbeidet med forslaga på hydrogen og avkarbonisering av gassmarknaden.  

Demokratiske verdiar og rettstryggleik 

Den svenske formannskapen vil fokusere på å oppretthalde dei demokratiske verdiane EU baserer seg på. Formannskapen vil bruke EU-charteret for grunnleggjande rettar (EU Charter of Fundamental Rights) aktivt og følgje opp at charteret blir respektert i EU-systemet. Dei vil også ivareta prinsippet om den rettslege tryggleiken i EU, som i nokon EU-land har vore under press.  

 

Dersom du er interessert i å lese alle sakene den svenske formannskapen vil arbeide med, kan du lese heile arbeidsprogrammet her. Formannskapen har også ei eiga nettside som blir oppdatert jamleg.