Hospitering hos VNB ga eit godt innblikk i EU-systemet

Formålet med opphaldet i Brussel var i todelt. For det første var det eit mål å få generell innsikt og kunnskap om EU, korleis EU er organisert, strukturert, og ikkje minst korleis beslutningsprosessane er lagt opp. For det andre var det eit mål å få oversikt over prosessar og aktivitetar særskilt på transportområdet, som muligheter i arbeidet med planlegging og utvikling av ulike deler av transportsystemet på regionalt nivå.

Det å få vere fysisk tilstades i Brussel i to veker gav ein unik mulighet til å bli kjent med ansvarsområder og formelle EU-strukturar, men ikkje minst få oppleve stemningen og engasjementet i den europeiske hovedstaden. Det å gå forbi Europakommisjonen i Berlaymont-bygningen kvar dag på veg til Vest-Norges Brusselkontor i Norway House, sette fart på lysten til å utforske og komme litt meir på innsida av dette store europeiske samarbeidsprosjektet.

Under opphaldet arrangerte og Vest-Norges Brusselkontor i samarbeid med Trøndelags Europakontor eit kompetanseseminar på transportområdet for folkevalde og administrativt tilsette i medlemsorganisasjonane til dei to Brusselkontora. Dette seminaret sette søkelys på det konstitusjonelle rammeverket for ulike EU institusjonar, Noregs forhold til EU, EU sin overordna transportpolitikk og til slutt mulighetene på transportområdet som ligger i EU sitt programarbeid.

Kontinuerleg overvaking og beredskap

I løpet av opphaldet er det gjennomført fleire møter og samtalar med medarbeidarar på Vest-Norges Brusselkontor, representantar frå den norske EU-delegasjonen, ESA, Europakommisjonen og KS sin representasjon i Brussel. Desse samtalane har bidrege til kunnskap om, og innsikt i måten beslutningsprosessar føregår på i ulike institusjonar i EU-systemet. Denne innsikten har generert nye spørsmål, men ikkje minst synleggjort behovet for kontinuerleg overvaking og beredskap inn mot aktuelle prosessar og aktivitetar på transportområdet, som grunnlag for eventuelle politiske og faglege initiativ frå regionalt hald. Dette omfattar spørsmål både knytt til EU sin overordna transportpolitikk og ikkje minst aktuelt prosjektsamarbeid innanfor dei ulike EU-programma.

Finne fylkeskommunes rolle og muligheter

Etterkvart som det store EU-bildet avtegna seg, oppstod behovet for å leite etter det regionale nivået si rolle og sine muligheter i mylderet av prosessar, utviklingstiltak og institusjonar.

Det er særleg innanfor EU sitt programarbeid for kunnskapsutvikling og innovasjon på transportområdet at det regionale nivået i størst grad har nytte av å orientere seg mot EU-systemet. Opphaldet har gitt verdifull generell informasjon om EU sine ulike programområder som utgangspunkt for prosjektsamarbeid innan transportområdet. Dette omfattar både rammeverk og fristar for nye utlysningar. Vidare har spørsmål knytt til suksesskriterier for prosjektgjennomføring vore tema i fleire møter og samtalar under opphaldet. Dette omfattar alt frå prosjektinnhald, partnersøk og prosjektresultat. Også på kompetanseseminaret på samferdselsområdet vart det presentert erfaringar frå vellykka samarbeidsprosjekt i EU-regi for regional utvikling. Det var særleg inspirerande å høyre om gjennomføringa av prosjektet ”Green Highway”, Trondheim kommune.

Administrativ forankring

Dersom det på regionalt nivå er aktuelt å utvikle og delta aktivt i internasjonale utviklingsprosjekt på transportområdet, har tidlegare erfaringar om nødvendig administrativ forankring også blitt understreka og stadfesta under hospiteringsopphaldet. Ei meir aktiv fylkeskommunal tilnærming til mulighetene som ligg i EU-systemet på transportområdet, vil kreve omstilling i fylkesadministrasjonen med auka kapasitet og kompetanse på transportområdet for å få dette til.

Takk til Vest-Norges Brusselkontor

Opphaldet på 14 dagar ga eit tilstrekkeleg overordna innblikk i EU-systemet, som utgangspunkt for å avdekke nokre av fylkeskommunen sine muligheter inn mot EU sitt engasjement på transportområdet.

I tillegg til verdifull informasjon i samtalar med tilsette ved Vest-Norges Brusselkontor, har og kontoret vore døropnar til fleire sentrale aktørar i Brussel. Takk til alle på Brusselkontoret for eit inspirerande og flott opphald med gode fasilitetar og bra tilrettelegging.