Ei veke i Brussel med Leonardo da Vinci-stipend

Hospitantordninga til Vest-Norges Brusselkontor er eit unikt høve for ein norsk byråkrat til fagleg påfyll. Takka vere eit stipend frå EU-programmet Leonardo da Vinci som Internasjonal seksjon i Hordaland fylkeskommune har formidla, har eg nytt godt av denne ordninga. Ei veke er kanskje ikkje så lang tid, men her skjer mykje og det er nok å sette seg inn i. Tema for mitt opphald har vore EU sin energi- og klimapolitikk og konsekvensar for Noreg. VNB hjalp til med kontaktar, så kalenderen har vore ganske full.

Tysdag 5. mars gjekk den første EU – Noreg energikonferansen av stabelen, med hovudtema naturgass. Ei rekkje innleiarar belyste kva rolle naturgass kan ha i omforminga av det europeiske energisystemet. Hovudinnlegga var ved EU-kommisær for energi Günther Oettinger og olje- og energiminister Ola Borten Moe. EU har vedtatt ambisiøse mål for reduksjon i energiforbruk og avkarbonisering av energiforsyninga. Energy Roadmap 2050 legg opp til ein reduksjon i fossile utslepp på 80-95% i 2050 i høve til 1990, og sentrale føringar skal leggjast no, ikkje minst på investeringssida. Då er det greitt å vita kva ein gjer. Naturgass har lågare utslepp enn kol, som no blir selt billeg på den europeiske marknaden. Eit av spørsmåla er om norsk naturgass berre er eit overgangsbrensel på relativt kort sikt, eller om gassen også skal spele ei rolle på lengre sikt. Noreg som grønt batteri for Europa vart diskutert, og vasskrafta si rolle vart så vidt nemnt.

EU sin energipolitikk er mangfaldig. EU har nokre overordna mål på energi, men eigentleg ikkje ein felles energipolitikk. Medlemslanda har stor sjølvstende og er svært ulike. Det er til stor nytte å få møte nordmenn som arbeider med energi og klima i Brussel. Mange av dei held til i Norway House. Eg har snakka med representantar for EU-delegasjonen og fleire norske energiorganisasjonar, og sist men ikkje minst DG Energy og DG Climate Action. Eg har forstått at vi bør følgje betre med i utarbeidinga av nye EU-direktiv. Noreg kan påverke i ein tidleg fase, før direktiva vert vedtatt som bindande politikk. Det er mykje meir konstruktivt enn å be om endringar i etterkant, når Noreg skal implementere direktiva i norsk lovgjeving. Dette er også politikk, og handlar om kor aktiv Noreg skal vere overfor EU. Heller ikkje alle direktiv blir tatt inn i EØS-avtalen.

EU sine overordna mål for klima og energi er ambisiøse. Som sagt har dei 27 medlemslanda svært ulike føresetnader og førebels ganske stor sjølvstende i implementering av måla. Det er meininga å få til ein meir samordna politikk på energifeltet, og politikken vil påverke oss på Vestlandet. Det er nyttig å skjøna korleis spelet fungerer. Energi, klima og miljø er knytt tett saman, og eg har inntrykk av at EU er godt i gang på desse felta. Den økonomiske krisen i mange EU-land påverkar innsatsen. Kvotesystemet for CO2-utslepp er det mest sentrale verkemiddelet. Her er prisen no på eit lågmål, men samstundes har utsleppa av klimagassar har gått ned. Ein diskuterer ulike måtar å få systemet til å fungere betre.

Alt i alt, eit særs nyttig og interessant opphald. Dei tilsette på Vest-Norges Brusselkontor er både hjelpsame og hyggelege – takk for meg!

Gudrun Mathisen

Klima- og naturressurssjef, Hordaland fylkeskommune