Millionbeløp i støtte til ungdomsprosjekt

Første søknadsrunde i Erasmus+ Ungdom er over og Vestland og Møre og Romsdal er blant topp fem fylker i Noreg til å få innvilga prosjektmidlar.  

Erasmus+ Ungdom  

Erasmus+ er kanskje eit av dei mest kjente EU-programma i Noreg. Det er gjerne mest kjent for studentar som kunne tenkje seg å dra på utveksling, men Erasmus+ er mykje meir enn det. Utdanning, opplæring, ungdom og idrett vert dekt av programmet gjennom ulike utlysingar. Ca. 10% av midlane er øyremerka ungdomsdelen av programmet. 

I Noreg er det barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som administrerer Erasmus-midlane for ungdomsprosjekt. Prosjekta kan enten vere for ungdom mellom 13 og 30 år eller for dei som arbeider med same aldersgruppe.  

Prosjekt i Vest 

I årets første runde av tildelingar har til saman sju prosjekt frå Vestland og Møre og Romsdal fått støtte. Vestland sine fire prosjekt har fått til saman 1,3 millionar kroner og Møre og Romsdal sine tre prosjekt har fått 2 millionar. Midlane er fordelt på ulike ordningar: gruppeutveksling, opplæring for ungdomsarbeidarar, ungdomsstyrte prosjekt og eit akkreditert prosjekt.   

  • Møre og Romsdal fylkeskommune 
    • RE: ACT Volda: Beyond the Mind!  
    • RE: ACT Volda: Including YOU! 
    • RE: ACT Volda: Open-area of your European Life  
  • Vestland fylkeskommune  
    • ATLAS: Be Literate. Stay informed. 
    • Exploring Cultural Campfire Opportunities: Life After Mobility Projects 
    • Stad kommune: Ung i Stad  
    • Creative Connections Norway 
Nye utlysingar 

I 2023 er det lagt opp til fire søknadsfristar. Tre av fristane har gått ut, men årets siste frist er 4. oktober klokka 12. Dersom ein ønskjer å sende inn ein søknad, finst det gode ressursar på Erasmus+ Ungdom sine nettsider. Medlemmane i Vest-Norges Brusselkontor kan også få bistand frå oss, mellom anna med partnarsøk.