Oppdatert: Maritim sikkerheitsstategi i EU

Europakommisjonen har i samråd med EU sin representant for utanriks- og sikkerheitspolitikk kome med ei kunngjering om ein styrka maritim sikkerheitsstrategi. Havet utgjer ein viktig del av Unionen sin økonomi av fleire grunnar. Til dømes vert 80% av verdas handel og to tredjedelar av fossilt brennstoff  frakta  til sjøs og heile 99% av globale datastraumar vert sendt gjennom undersjøiske kablar. Maritim sikkerheit er difor vesentleg for EU.

Tilpassar seg nye truslar

EU sin strategi for maritim sikkerheit vart først vedtatt i 2014. Strategien skal styrke EU sin autonomi og kapasitet til å svare på maritime sikkerheitstruslar som våpen- og narkosmugling, menneskehandel og terrorisme. Forslaget til den oppdaterte strategien har som mål å svare på ei rekke nye truslar:

  • Aukande geopolitisk konkurranse
  • Klimaendringar og miljøforringing av havet
  • Cyberangrep
  • Russland sin krig mot Ukraina

Ein oppdatert sikkerheitsstrategi skal finne dei gode og berekraftige løysingane, både i EU sine og internasjonale farvatn. Strategien er lagt opp som eit rammeverk med seks strategiske mål for å iverksette tiltak for å beskytte interesser, borgarar, verdiar og økonomi:

  • Auke aktivitetane til havs
  • Samarbeide med EU-partnarar
  • Vere bevisst på det maritime området
  • Handtere risiko og truslar
  • Auke kapasiteten til havs
  • Utdanne og auke kompetanse
Samarbeid

Europakommisjonen nemner spesielt NATO som ein viktig samarbeidspartnar. I tillegg vert Copernicus Maritime Surveillance (CMS), Det europeiske sjøsikkerhetsbyrået (EMSA) og Frontex trekt fram som arenaar der EU bidrar til maritim sikkerheit. Dette er organisasjonar der Noreg enten er medlem eller bidragsytar. Noreg har òg vore med i diskusjonar om maritim sikkerheit og forsvar i EU i etterkant av publiseringa av forslaget til maritim sikkerheitsstrategi.

Meir informasjon: