Ein haust eg seint vil gløyme

Etter seks flotte veker er praktikantopphaldet mitt hjå Vest-Norges Brusselkontor no dessverre over. Det har vore nokre utruleg innhaldsrike veker, og eg sit igjen med positive erfaringar og nye venner.

Hausten har vore travel, med varierte arbeidsdagar, og me på VNB har hatt mange besøk og arrangement. Eg har vore med på planlegging og gjennomføring av fleire av desse og deltatt på andre aktørar sine seminar og konferansar. I tillegg har eg også jobba med administrative oppgåver på kontoret.

Det sosiale miljøet i Brussel er strålande, og det er noko eg verkeleg kjem til å sakne. Tirsdagstrimmen og torsdagspils på Place du Luxembourg (Plux) er gode eksempel på dette.

Eg har møtt menneske frå heile Europa, i tillegg til eit fantastisk miljø av norske praktikantar. Opphaldet mitt har vore ei kjempeflott oppleving, der eg har fått utforske det Brussel har å by på av møteplassar, aktivitetar, mat og kulturliv.

Eg er veldig takksam for moglegheita til å jobbe hjå VNB som lærling, og eg vil takke mine flotte kollegaer Merete, Jorunn og Marte for ein minneverdig haust. Eg har hatt eit kjempefint opphald, og kjem til å sakne dei gode folka og det inkluderande miljøet. Anbefaler alle som er interessert i eit spennande studieopphald å søke på stillinga som studentpraktikant innan 15. november. Den kan du lese meir om her.

Au revoir Bruxelles!

Vi på Vest-Norges Brusselkontor, Merete, Jorunn og Marte, vil takke Rebecca for innsatsen ho har lagt ned under opphaldet hennar. Rebecca har vore på kontoret i ei av årets travlaste periodar og har vore eit kjærkomen tilskot til kontoret, både fagleg og sosialt. Vi ønskjer Rebecca lykke til vidare og håper resten av læretida hennar i Flåm AS blir innhaldsrik.