EU sitt langtidsbudsjett er på trappene

Det store samtaleemnet i Brussel er for tida diskusjonane rundt EU sitt nye langtidsbudsjett for 2021-2027. Fleire regionale aktørar åtvarar no mot framtidige kutt i den regionale utjamningspolitikken.

Vil kutte i regional utvikling

Bakgrunnen er at Kommisjonen i forkant av EU-toppmøtet la fram eit forslag til budsjett og prioriteringar for perioden etter 2020. To budsjettpostar som kan forvente kutt er den felles landbrukspolitikken (CAP) og samhøyrepolitikken (Cohesion Policy). Sistnemnde står for om lag ein tredel av EUs budsjett og inkluderer mellom anna strukturfonda, som skal sikre økonomisk og sosial utjamning mellom regionar i EU. Denne posten står no i fare for å bli kutta med opp til 15-30%.

Sentralt i diskusjonane står Brexit, som gjer at ein netto bidragsytar forsvinn frå budsjett-reknestykket. Dette opnar opp før større diskusjonar om EUs prioriteringar framover og storleiken på budsjettet.  Dette kan bli både eit høve til reformer, men òg til kutt. Under det uformelle EU-toppmøte 23. februar måtte fleire medlemsland akseptere at dei blir nøydd til å bidra meir til budsjettet – utan å nødvendigvis få meir tilbake.

Møter motstand frå regionale aktørar

Regionale representantar ser naturlegvis mørkt på budsjettkutt på regional utvikling. Committee of the Regions (CoR), som talar regionane si sak i EU-systemet, oppmodar medlemsstatane til å ta til ordet for ein sterk samhøyrepolitikk også i framtida. Det neste budsjettet vil definere EU si framtid, og ved å undergrave samhøyrepolitikken undergrev ein heile EU, meiner presidenten i CoR, Karl-Heinz Lambertz.

Conference of Peripheral Maritime Regions (CPMR) skriv i ei pressemelding at slike kutt vil vere eit stort nederlag for samhøyrepolitikken og kunne føre til aukande ulikskap mellom regionar i Europa. CPMR ein regional interesseorganisasjon som våre tre medlemsfylke er ein del av.

Sjølv om Noreg ikkje er omfatta av samhøyrepolitikken kan vi likevel bli indirekte påverka av dette gjennom ulike ordningar som må vere samordna i EØS-samanheng. Les meir om dette i direktør Merete Mikkelsen sin kronikk i Nationen her.

Budsjett og prioriteringar er fokus for årets EWRC

Det nye langtidsbudsjettet og framtidige prioriteringar er òg hovudtema for årets European Week of Regions and Cities (EWRC), eit årleg vekelangt arrangement som er den største og viktigaste hendinga for regionale aktørar i EU. Det kan altså sjå ut til at denne diskusjonen vil vere sentral ei god stund framover.

VNB er no i gang med søknadsprosessen for å halde arrangement under årets EWRC. Les meir om VNB sitt arrangement under fjorårets EWRC her.

Kommisjonen sitt endelege budsjettforslag er venta å kome 2. mai i år.