Foto: EU

Ein vital Union i ei skjør verd 

Europakommisjonen har lansert sitt arbeidsprogrammet for 2021. Grøn omstilling, digitalisering og ikkje minst handtering av koronakrisa er nokre av utfordringane Kommisjonen vil legge vekt på i året som kjem. 

Arbeidsprogrammet er Kommisjonens plan for kva politikkområde dei vil prioritere, og korleis deira politikk skal utformast det neste året. Arbeidsprogrammet har i år fått tittelen “Ein vital Union i ei skjør verd”. 

Arbeidsprogrammet er som venta tett knytt opp til Kommisjonspresident von der Leyen sine seks hovudmål i hennar politiske retningslinjer. Det er også i tråd med den årlege talen om Unionens tilstand, som ho heldt for første gong tidlegare i oktober.  

Det siste året har Kommisjonen lagt fram ei rekke strategiar, planar og vegkart. I 2021 skal fleire av desse konkretiserast og settast ut i livet. Dette betyr mellomrevisjon av fleire eksisterande regelverk, fleire nye tiltak og nye lovforslag. Til saman er det 86 initiativ i arbeidsprogrammet for 2021. Fleire av desse vil ha relevans for Noreg. 

Sette i verk grøne tiltak 

Ikkje overraskande er ei av hovudprioriteringane for neste år å følgje opp Kommisjonens grøne vekststrategi, European Green DealI oktober vart det klart at Kommisjonen vil gå inn for heile 55% kutt i klimautsleppa innan 2030, ei auke frå det noverande 40%. Derfor kjem dei til å legge fram ei stor lovgivingspakke som skal leggast fram i andre kvartal 2021 under namnet 55-pakken. 

Særleg interessant for Noreg er den planlagde revisjonen av klimakvoteregelverket (ETS), revisjon av energieffektiviseringsdirektivet og revisjon av fornybardirektivet. Noreg har knytt seg til EUs klimaavtale, og derfor vil også revisjon av forordning for innsatsfordeling , samt forordning for utslepp frå skog og arealbruk (LULUCF) vere relevant for Noreg. 

Kommisjonen vil også legge fram forslag til ein Co2-grensejusteringsmekanisme, også kalla karbonskatt, samt revisjon av direktiv for infrastruktur for alternative drivstoff. Samtidig vil dei arbeide for å implementere tiltaka lansert i den handlingsplanen for sirkulærøkonomi, strategien for naturmangfald og Frå jord til bord-strategien for berekraftige matsystem 

Digitalt tiår 

Det andre viktige  prioriteringa er digital omstilling. Under overskrifta “Eit Europa klar for eit digitalt tiår”, kjem Kommisjonen til å legge fram eit vegkart for konkrete digitale mål for 2030. Her vil lovforslag knytt til kunstig intelligens, digital skatt, ein ny europeisk elektronisk ID og ei oppdatering av EUs industristrategi for å ta omsyn til koronakrisa, vere viktige tiltak. I tillegg vil dei sjå på utforming av forbrukarrettar. 

Korona og krisehandtering 

Ikkje minst vil krisehandtering av koronapandemien vere grunnleggande for alt Kommisjonen tek føre seg. Her vil langtidsbudsjettet og NextGenereationEU, EUs økonomiske gjenreisningspakke, vere sentrale. Kommisjonen ønskjer også å legge fram forslag om opprettinga av eit nytt byrå for biomedisinsk forsking og utvikling, samt ei ordning for deling av helsedata på tvers av grenser, som svar på koronapandemien. På sikt ønskjer også von der Leyen å opprette ein helseunion for medlemslanda. 

Arktis og Schengen 

Europakommisjonen skal også legge fram sin nye strategi for Arktis, som for tida er ute på høyring. Denne er venta å bli lagt fram i siste kvartal i 2021. Ein ny strategi for Schengen er også venta i andre kvartal i 2021, saman med ei revisjon av reguleringar knytt til Schengenområdet. 

Arbeidsprogrammet skal no bli diskutert i Europaparlamentet og Rådet. Målet er å samkøyre dei tre institusjonane i forkant av behandlinga av dei nye lovforslaga. 

Les meir 

Les Kommisjonen sitt arbeidsprogram for 2021.

Les alle dei 86 tiltaka i annekset til strategien.

Les Stortingets artikkel om arbeidsprogrammet