(c) European Commission 2020

Ei berekraftig framtid: Kommisjonen lanserer strategiar for naturmangfald og jordbruk

Kommisjonen har lagt fram ein strategi for naturmangfald og ein strategi for berekraftige matsystem. Gjennom desse ønskjer Kommisjonen å samle jordbruksnæringa, næringsliv og konsumentar for å skape ei konkurransedyktig og berekraftig framtid der naturen står i sentrum. Strategiane vil òg få konsekvensar for Noreg.

Dei to strategiane er ein del av Europakommisjonen sitt flaggskip European Green Deal. Green Deal er EUs nye vekststrategi, som skal vise veg til klimanøytralitet i Europa innan 2050, samtidig som den skal betre konkurransekrafta til EU. Sidan Green Deal vart lansert i 2019 har Europakommisjonen følgt opp med ei rekke initiativ, som Industristrategien, klimalov og handlingsplan for sirkulærøkonomi.  Sist i rekka er strategi for naturmangfald og strategi for berekraftig jordbruk.

Les meir om Green Deal her.

Dei to strategiane skal utfylle kvarandre, og saman bidra til å stogge tap av naturmangfald (biodiversitet) i Europa og i verda, og endre måten mat blir produsert og konsumert på. Målet er å bidra til reduksjon i klimautslepp og legge om til ein berekraftig økonomi i EU. Samtidig ønskjer kommisjonen å verne om arbeidsplassane og betre livskvaliteten til innbyggarane.

Koronakrisa har gjort viktigheita av desse strategiane enda tydelegare: Ein har sett kor sårbare verdikjedene innan mat er og blitt klar over kva konsekvensar tap av naturmangfald kan få. Desse to strategiane vil spele ei viktig rolle i Kommisjonens gjenopprettingsplan etter covid-19, både ved å stogge trugslar mot naturen, og for å få den europeiske økonomien tilbake på beina att.

Strategi for naturmangfald

Strategien for naturmangfald skal finne og stogge dei viktigaste årsakane til tap av naturmangfald. Dette inkluderer overforbruk og lite berekraftig utnytting av naturressursar, klimaendringar, forureining og framande artar som trugar eksisterande dyre og planteliv. Strategien skal bidra til å gjenopprette økosystem og elver, beskytte dyreliv og få tilbake insekt som pollinerer, skape betre jordhelse og gjere jordbruket meir mangfalds-venleg. Ein annan viktig del er å gjere byar grønare og skape harmoni mellom naturen og levemåten til innbyggarane.

Nokre av dei viktigaste måla i strategien er:

  • Auke delen verna område til 30% av alle land- og hav-områda i Europa.
  • Minst 10% av jordbruksarealet skal gjenopprettast som område med høgt naturmangfald.
  • Stogge reduksjonen i talet på pollinatorar.
  • Plante 3 milliardar tre i EU innan 2030.
  • Redusere talet dyreartar som er truga av framande artar.
  • Etablere planar for å gjere byar med meir enn 20 000 innbyggarar grønare.
  • Beskytte myrområder, våtmark og urskog.

Kommisjonen planlegg ei rekke tiltak og initiativ dei neste åra som skal følgje opp strategien. Sjå alle tiltaka her.

Frå jord til bord

Strategien for berekraftig jordbruk, også kalla “Frå jord til bord” (Farm to fork), skal gjere heile matsystemet berekraftig, og sørge for sikker, trygg, sunn og tilgjengeleg mat. Samtidig ønskjer Kommisjonen å minske klimaavtrykket og forureininga dagens jordbruk fører til. Det skal også bli enklare for forbrukarane for å ta gode val, ved å betre merking og informasjonen på produkt.

Blant måla ein vil nå innan 2030 er:

  • Bruke 50% mindre sprøytemiddel i jordbruket.
  • Bruke 20 % mindre kunstgjødsel.
  • Redusere bruk av antibiotika i dyrehold med 50%.
  • Mål om at 25% av jordbruket skal vere økologisk.
  • Halvere matavfall per capita.

Kommisjonen vil følgje opp strategien med ei rekke lovforslag og tiltak dei neste åra. Sjå alle tiltaka her.

Vil vere relevant for Noreg

Europeisk jordbruk- og fiskerinæring og andre relevante sektorar, vil få ei sentral rolle i å nå måla som Kommisjonen har sett. Mykje av finansieringa og reglane for sektoren vil kome gjennom EUs felles landbrukspolitikk og gjennom regionalfonda. Desse er Norge ikkje ein del av. Norge vil likevel bli påverka gjennom det store regelverket for klima og miljø og mat- og dyrehelse vi har gjennom EØS-avtalen og andre samarbeid med EU.

Mange av måla Kommisjonen har sett vil bli spegla i utlysinger i dei forskjellige EU-programma, innan til dømes Horisont Europa, der 10 milliardar er øyremerka desse temaa. Vi veit allereie at eitt av fem «Missions» innan Horisont Europa vil vere jordhelse. Elles kan ein forvente oppdateringar i lovverk for miljø og klima, noko som truleg vil påverke Noreg gjennom EØS-avtalen og klimaavtalen mellom Norge og EU.

Les meir om dei to strategiane på Kommisjonen sin nettstad her.