Ambisiøse klimamål i Europakommisjonen sin «Green Deal»

Kommisjonspresident von der Leyen la 11. desember fram forslag til ein «European Green Deal». Forslaget inneheld mellom anna høge ambisjonar for utsleppskutt, ei klimalov med mål om klimanøytralitet i EU innan 2050 og ein investeringsplan for å sikre ein rettferdig overgang til eit grønare samfunn.

Europa som første klimanøytrale kontinent

Von der Leyen, som vart vald som president for Europakommisjonen i sommar, la allereie i september fram sitt politiske vegkart for kva Europakommisjonen skulle fokusere på dei neste fem åra under mottoet «A Union that strives for more». Her var «green deal» det første av seks hovudprioriteringar.

Den nye Europakommisjonen starta offisielt sin periode 1. desember. Allereie den 11. desember presenterte Kommisjonspresident von der Leyen sitt forslag til «A European Green Deal» i ein tale til Europaparlamentet. Forslaget bygga videre på punkta lansert i det politiske vegkartet frå september og skal følgje Paris-avtalen, styrke konkurransekrafta til Europa og omstille Europa til et lågutsleppssamfunn.

Von der Leyen la som venta fram mål om at Europa skal bli det første klimanøytrale kontinentet innan 2050, samt å kutte utsleppa i klimagassar med 50 %, med mål mot 55 %, innan 2030. EU skal vere ein global leiar i det grøne skiftet og sende eit signal til resten av verda.

Rettferdig og solidarisk overgang

Von der Leyen understreka at overgangen til eit grønare samfunn må vere rettferdig og solidarisk, og at ingen land eller regionar skal sakke akterut. Derfor har kommisjonen planar om å utarbeide ein berekraftig investeringsplan for å nå klimamåla. Von der Leyen presiserte at endringane som er naudsynte for å få på plass ein Green Deal ikkje vil skje over natta, men at ein treng tid, støtte og solidaritet for å bli ein realitet. Ho la til at Europakommisjonen er ambisiøs, men også realistisk.

Les heile forslaget til ein Green Deal her.

Meir enn ein plan for klimakutt

Green Deal skal vere både eit overordna vegkart for politikkutforming, men inneheld også rundt 50 konkrete tiltak for å nå måla som er satt. Green Deal skal inkludere ei rekke tiltak og mekanismar, som til dømes ein ny industristrategi for EU og ein tiltaksplan for sirkulærøkonomi, som begge vil bli lagt fram i mars 2020. Dei ulike tiltaka og tidsplanen for kva tid desse skal settast i verk vart publisert i eit vedlegg til Green deal.

Von der Leyen la vekt på at dette skal vere ein plan for å kutte utslepp, men skal samtidig vere EUs nye vekststrategi og omfattar så godt som alle politikkområde inkludert energi, transport, jordbruk, sirkulærøkonomi og biodiversitet. Green Deal skal «gi tilbake meir enn den tar bort», slo von der Leyen fast i sin tale til Parlamentet.

Sjå faktaark om dei ulike politikkområda i Green Deal her:

Dei viktigaste initiativa

  • Klimalov
    Eit av hovudinitiativa i avtalen er ei ny klimalov som er venta å bli lagt fram for Parlamentet i mars 2020. Klimaklova vil innehalde mange ulike tiltak som saman skal sikre klimanøytralitet innan 2050. Dersom den blir godkjent vil den få store konsekvensar for alle EU-land. Norge vil også truleg bli bunde av lova gjennom EØS-avtalen.
    Ein plan for korleis EU skal nå målet om minimum 50 % utsleppskutt innan 2030 vil bli lagt fram til sommaren.
  • Rettferdig overgang
    Green Deal inkluderer også ein investeringsmekanisme som skal sørge for ein rettferdig og solidarisk overgang til det grøne skiftet. Mekanismen som er foreslått er eit investeringsfond som over dei neste ti åra vil investere 1000 milliardar euro i grøne løysingar, ny teknologi og næringsliv. Investeringane vil kome gjennom Den europeiske investeringsbanken, det nye InvestEU- programmet og eit nytt fond under EUs budsjett for regionalpolitikk.
    Denne er særleg retta mot regionar og land som er avhengige av kol og fossile energikjelder. For å få desse landa si godkjenning av klimalova er det derfor naudsynt med ei finansiell ordning for å lette den finansielle byrda ved å fase ut fossile energikjelder. Von der Leyen understreka i sin tale til parlamentet at det grøne skifte vil føre med deg geopolitiske endringar som vil føre til utfordringar for særskilte område. Det er derfor viktig at ein innfører mekanismar som vil hjelpe desse regionane å nå att andre regionar som har kome lenger.
  • Grenseavgift på importerte varer
    Eit anna viktig tiltak blir mekanismen for grenseavgift på importerte varar med høgt klimaavtrykk, ein såkalla ‘klimatoll’. Denne mekanismen skal hindre ‘karbonlekkasje’, at klimatiltaka i EU fører til meir import av som forureinar meir enn produkt frå Europa og sikre europeiske varer mot billigare alternativ frå land som ikkje har like høge klimaambisjonar. Korleis denne klimatollen vil sjå ut er enda ikkje klart.
  • Sirkulærøkonomi
    Sirkulærøkonomi vil bli eit viktig område i Green Deal og ein ny tiltaksplan på dette område er venta i mars 2020 som ein del av EUs nye strategi for industri. Kommisjonen reknar med at 50 % av klimakutta dei ønskjer vil kome frå å gå over til ein sirkulær økonomi. Dette inkluderer å bruke rein energi i produksjon, investere i batteriteknologi, avfallshandtering og gjenbruk av materialer.
  • Klimapakt
    I mars 2020 vil Europakommisjonen presentere ei klimapakt, som skal gi innbyggarar i EU høve til å delta i forminga av nye tiltak, samt dele informasjon og gode løysingar. Her vil også næringsliv, kommunar og regionar også bli invitert med inn.

Usemje i Parlamentet

I slutten av november erklærte Europaparlamentet klimakrise. Dei vedtok ein resolusjon om at Europakommisjonen bør ha 1,5 gradersmålet i bakhovudet i alt dei tar føre seg, inkludert i forminga av lovforslag og budsjett. Parlamentet ønskja også at EU skal verte klimanøytrale innan 2050 og auke reduksjonsmålet for klimagassar til 50 % innan 2030.

Trass i at Europaparlamentet er samde med Kommisjonen i dei overordna måla er det venta ein politisk kamp for å få Green Deal godkjent i Parlamentet. Særleg å lovfeste målet om å kutte opp mot 55% i klimautsleppa er venta å møte motstand, sidan mellom anna den konservative partigruppa EPP fryktar det vil påverke arbeidsplassar og økonomien negativt. Les meir om dette her.

Dei ulike tiltaka i Green Deal skal konkretiserast i laupet av det neste året, og må deretter blir godkjent av både Europaparlamentet og Rådet.

12. desember vil von der Leyen presentere Green Deal til statsleiarane i EU, som er samla i Brussel til årets siste toppmøte. På agendaen står mellom anna målet om klimanøytralitet innan 2050.

Les meir

Les heile Green deal her og les vedlegget med dei 50 tiltaka med tidsplan her.

Les Europakommisjonens pressemelding her og faktaark om Green Deal her.

Les nyheter fra Euractiv her og frå Politico her.

Les von der Leyens innlegg i VG om Greeen Deal her.