Slik blir EWRC 2022

Den 20. utgåva av «European Week of Regions and Cities» går av stabelen 10.-13. oktober. Den overordna tittelen er «The future is where we are», og arrangørane har ein ambisjon om at regionveka skal vere hybrid.

European Week of Regions and Cities (EWRC), tidlegare kjent som «Open Days» er EU sin årlege møteplass for regional utvikling. Her blir regionale utfordringar og løysingar diskutert, og arrangementet samlar eit bredt spekter av deltakarar. I samarbeid med andre europeiske regionar, har Vest-Norges Brusselkontor vore ein aktiv medarrangør heilt sidan 2005.

Regionveka har i år fire hovudtema:
  • Green transition
  • Digital transition
  • Territorial Cohesion
  • Youth empowerment

Grøn og digital omstilling står høgt på dagsordenen både i EU og Noreg, og begge var med som tema også i 2021-utgåva. «Territorial Cohesion» går ut på korleis midlar frå EU sin samhøyringspolitikk kan bidra til å redusere territoriale og sosiale ulikheiter, og til å skape økonomisk og sosial stabilitet etter at den verste pandemitida er forbi. «Youth empowerment» fokuserer på korleis ein best kan mobilisere unge i samfunnsutviklinga, og korleis aktørar på regionalt, nasjonalt og EU-nivå kan ivareta interessene til dei unge. Det er også eit aktuelt tema ettersom Europakommisjonen har peika ut 2022 som det europeiske året for ungdom.

I 2021 var EWRC heildigital for andre gong, med om lag 300 arrangement og 18 000 deltakarar fordelt på fire dagar. Sidan det blir lagt opp til ein hybrid versjon i år, vil arrangørane avgrense talet på arrangement. Ein kan velje mellom to typar partnarskap: «partner» og «regional partnership». Søknadsfrist er 31. mars, og du kan lese meir om søknadskrava her. Ta kontakt med oss om du er interessert i å arrangere noko på vegne av ein eller fleire av våre medlemsorganisasjonar.

Det er lagt opp til at alle partnar-arrangementa blir digitale, men det kan bli lov med avgrensa fysisk deltaking. Det kan òg bli aktuelt for regionale partnarskap å ha sine arrangement i lokala til europeiske regionkontor i Brussel, om smittesituasjonen tillèt det. Det vil bli tatt ei endeleg avgjerd på dette så snart som mogleg. Dersom det kjem inn søknader med liknande ambisjon, kan arrangørane føreslå at partnarskap slår seg saman. Resultata blir offentleggjort 16. mai, og påmeldinga til EWRC opnar i sommar.

Det blir lagt opp til sju typer arrangement:
  • Workshops (90 min)
  • Info session (60 min)
  • Participatory Lab (90 min)
  • Exhibitors’ Pitch (15 min)
  • Exhibition
Nytt i samband med 20-årsjubileet:
  • 20th Anniversary Testimonial (15 min)
  • 20th Anniversary High-level workshop (90 min)

Alle partnarskap som får innvilga sin søknad, må forplikte seg til å minimere miljøpåverknaden på sitt arrangement, samt bruke den tilsendte rettleiaren for papir og plast (paperless and plastic-free guidance). Dei blir også oppmoda til å inkludere unge, minoritetar og sivilsamfunn i sitt program.

Les meir om EWRC her.