Regionane si rolle i Europa blir tema for årets EWRC

Den 17. utgåva av den europeiske regionalveka, European Week of Regions and Cities (EWRC), er no lansert. Hovudtemaet for årets utgåve vil vere regionane si rolle i Europa, og vil få tittelen «Regions and Cities, Pillars of EU’s Future».

EWRC 2019 vil haldast i Brussel 7.-10. oktober, og er ein god arena for europeiske regionar å vise seg fram, dele god praksis og bygge nettverk. Veka blir arrangert av Regionkomitéen (CoR) og Europakommisjonens direktorat for regionalpolitikk (DG Regio), i tillegg til regionale partnarar. Årets veke vil bestå av 150 små og store arrangement, og 6000 deltakarar er venta å ta turen til Brussel. Regionalveka var det største arrangementet som vart arrangert av i EU i fjor, og er venta å bli like stor i år.

Dette er ein årleg møteplass for å diskutere regional utvikling, finne løysingar på felles utfordringar, og dele erfaringar og arbeidsmåtar. Dei tre hovudtemaa for årets Regionalveke vil vere:

  • Framtida til EU og rolla til byar og regionar
  • Eit Europa nærare innbyggjarane
  • Eit grønare Europa

I tillegg vil andre tema, som sosial integrasjon, eit smartare Europa og eit meir samankopla Europa, vere viktige.

For å kome med på det offisielle programmet må regionale aktørar gå saman i eit partnarskap og halde eit arrangement som kan knytast til eitt av desse temaa.

Vest-Norges Brusselkontor har vore aktiv under EWRC sidan 2005 og har mellom anna vore med-arrangør av introduksjonsseminar for norske deltakarar, i tillegg til workshops og seminar saman med våre europeiske samarbeidsregionar. I fjor stod hydrogensatsinga på Vestlandet og framtidig samarbeid i Nordsjøområdet på agendaen. Les meir om VNB sin aktivitet under fjorårets Regionalveke her.

Regionalveka er ein viktig møteplass for regionale aktørar, og eit godt høve til å vise fram det ein er god på og knytte kontaktar. VNB tar kvar haust imot tilreisande Vestlendingar som deltek på konferansen, og har et tilpassa program for sine medlemmar. Vi ønsker alle våre medlemmar på besøk, og hjelp gjerne med tilrettelegging og tips til korleis ein kan delta. Dersom du ønskjer å involvere di kommune eller organisasjon i eit arrangement, eller har ein god praksis du ønskjer å vise fram, kan du kontakte VNB for meir informasjon.

Les meir om Regionalveka på den offisielle heimesida til EWRC her.