Tre innhaldsrike år i Brussel

Etter tre år i Brussel takkar vår dyktige Europarådgivar Jorunn Skodje for seg. Her kan du lese hennar tankar om tida ved Vest-Norges Brusselkontor og i Brussel.

Mine tre år ved Vest-Norges Brusselkontor år har gått fort, men har samtidig vore svært innhaldsrikeEg drar frå Brussel med meir fagkunnskap, nye ferdigheiter og ein stor, ny Brussel-familie.  

Det har vore spennande for ein europavitar å følgje EUs politikk samanhengande i tre år, og samtidig få sette seg inn i mange ulike fagområde. Eg har fått mange høve til å utvikle meg både fagleg og personleg i denne stillinga. Det norske miljøet i Brussel har vore inkluderande, og omfattar mange kompetente folk frå ulike sektorar. Eg håper å få halde kontakten med mange av dei eg har vorte kjent med framover, både i arbeid og privat

Det same gjeld for Vestlandet, der eg har blitt kjent med mange spanande prosjekt, bransjar og kommunar. Eg er stolt over å vere frå ein så framoverlent region, som meiner det internasjonale og europiske arbeidet er sjølvsagt. Vestlandet har gode mogelegheiter til å lukkast internasjonalt og kome ut på topp, no når vi er midt i ei omstilling til ei ny og grøn framtid. 

Noko av det beste med å jobbe på Vest-Norges Brusselkontor er høvet til å få arbeide med vestnorske aktørar i eit europeisk miljø. Dei mange besøka vi har hatt til regionen og alle gruppene frå regionen som har kome til Brussel for å lære, har vore definitive høgdepunkt. 

Eg vil også rette ein stor takk til Merete, som har vore kjernen i det norske, regionale miljøet her i Brussel. Vi har vore eit radarpar frå dag éin, og tenker likt både når det gjeld språkleg finesseorganisering av arrangement og strategisk planlegging for kontoret. Merete har skapt mange gode stunder på kontoret i Norges Hus, og har vore avgjerande for at arbeidsmiljøet har vore topp, trass stor utskifting av praktikantar og kollegaer på huset. Ho har også delt av si lange erfaring med regionalt arbeid og eg har lært mykje av henne.

Eg kjem til å sakne samarbeidet på Vest-Norges Brusselkontor, og det spontane, internasjonale miljøet her i Brussel. Eg kjem òg til å sakne byen og Belgia, med både sine håplause og sjarmerande sider. 

Dei som har vore i Brussel veit at alle vegar leiar tilbake dit, så kanskje vi sjåast igjen!