Ei lærerik veke i Brussel

6. mars tok Vest-Norges Brusselkontor imot ei gruppe frå Haram VGS, med seks elevar og ein lærar. I løpet av tre innhaldsrike dagar fekk dei mellom anna lære om kontoret sitt arbeid her i Brussel, Noregs forhold til EU og korleis NHO representerer norsk næringsliv her i Brussel.

Til dagleg går elevane studiespesialisering med entreprenørskap som fag, og fokuserer denne våren spesielt på internasjonalisering – besøket til Brussel vart då ein god fagleg input. «Vi har fått god innsikt i EU-systemet og Noregs forhold til EU. Grunnen til dette er fordi vi har fått lære mykje meir om organisasjonen», seier elevane.

Forutan innlegg frå norske aktørar, fekk elevane besøke både Parlamentarium og det nyåpna museet House of European History. Begge besøkssentra gir ei god innføring i EU sitt arbeid og viktig europeisk historie. «Vi syntes at House of European History var det mest spanande, med kule og moderne utstillingar var det veldig mykje å lære, sjå og oppleve».

 Opphaldet vi har hatt i Brussel har vore meir interessant enn forventa. Vi hadde ikkje sett for oss at det skulle være så mange forskjellige aktørar knytt til EU, så for oss var dette veldig spennande å sjå.

House of European History

Eit av måla med opphaldet var også at ein skulle få innsikt i VNB sitt arbeid. Elevane fekk lære om regionkontora si rolle i Europa, og fekk vere med kontoret på planleggingsmøte for årets European Week of Regions and Cities, saman med andre europeiske regionkontor. Mot slutten av opphaldet fekk elevane testa kunnskapane dei har oppnådd gjennom uka, både gjennom oppgåver og ved å halde foredrag for kvarandre.

Ein oppsummerande Kahoot-quiz med premie satt punktum for opphaldet her i Brussel. «Vi syntes at det var eit veldig bra opplegg frå Vest-Norges Brusselkontor og alt dei har gjort for at denne turen skulle bli bra og innhaldsrik», konkluderar dei.

I Haram samarbeider næringsliv og skule tett, noko som gir positive ringverknadar i resten av lokalsamfunnet. Vest-Norges Brusselkontor er glade for å kunne bidra med kompetanseutvikling, både gjennom praktikantopphold og studiebesøk. Vi har lenge hatt eit godt samarbeid med Haram VGS og vi synes det er spesielt gledeleg at dei fortsetter å sette den europeiske dimensjonen på agendaen. Vi seier takk for besøket og gler oss til fleire i framtida!