EU med økonomisk hjelpepakke mot Covid-19

«Koronavirus-pandemien er ikkje berre ei utfordring for helsevesenet, men fører med seg eit stort økonomisk sjokk», uttalte kommisjonspresident von der Leyen på ein pressekonferanse 13. mars. EU lanserer fortløpande hjelpetiltak til medlemslanda for å dempe dei økonomiske konsekvensane av koronaviruset.

EU har ikkje såkalt «kompetanse» – altså myndigheit over medlemslanda sin politikk – på helseområdet. EU jobber likevel på spreng med å koordinere medlemslanda sine tiltak og har gått langt i å tilby medlemslanda økonomisk bistand og gjere landa sine økonomiske handlingsrom større.

Von der Leyen la 13. mars fram Kommisjonens plan for å minske dei sosio-økonomiske konsekvensane av utbrotet av Covid-19 i EU og koordinere medlemslanda sine tiltak. Planen omfattar økonomisk bistand til helsetenester, bedrifter, arbeidstakarar og landa sitt økonomiske handlingsrom. Sjå alle tiltaka her.

Kommisjonen understrekar viktigheita av at tiltaka som vert sett i verk bør vere felles for alle medlemslanda, slik at dei skal bli mest mogeleg effektive. Mellom anna foreslår Kommisjonen å utarbeide felles retningslinjer for helsesjekk på grenser.

I tillegg skal medlemslanda stå fritt til å iverksette økonomiske tiltak dei vurderer som naudsynte for dei sektorane som har blitt råka hardast, som turisme, transport og detaljhandel. Landa skal også kunne iverksette tiltak for privatpersonar, til dømes for dei som blir ståande utan arbeid og inntekt som følgje av tiltak for å hindre smittespreiing.

Regelverket for offentleg støtte (statsstøtte) er fleksibelt i krisesituasjonar. EU opnar for at staten kan kunne iverksette økonomiske tiltak – som elles vil vere ulovlege –  i særleg krevjande situasjonar og i tilfelle der slik støtte vil har ein ‘sosial dimensjon’. Dette blir regulert av artikkel 107 (2):

Forenlig med det indre marked er

a) støtte av sosial karakter som gis de enkelte forbrukere, forutsatt at den ytes uten forskjellsbehandling på grunnlag av varenes opprinnelse,

b) støtte som har til formål å bøte på skader som skyldes naturkatastrofer eller andre usedvanlige hendelser.

Danmark har allereie fått fritak til ein tiltakspakke på 91 millionar danske kroner for å hjelpe kulturlivet. Slike pakkar vil det truleg bli fleire av i tida som kjem.

Von der Leyen avslutta pressekonferansen 13. mars med å seie at Kommisjonen vil «gjere alt som er naudsynt» for å støtte Europearar og den europeiske økonomien.

Investeringsinitiativ og responsteam

Von der Leyen vil mobilisere alle tilgjengelige EU-midler som økonomisk hjelp til hardtrammede medlemsstater. Tidlegare har Kommisjonen lansert eit Coronavirus Response Investment Initative, som rask vil kunne pumpe mange milliardar inn i sektorane som er hardast råka, for å betre likviditeten til bedrifter og helsevesen. Les meir her.

Regionalpolitiske midlar og EU Solidarity Fund vil også spele ei sentral rolle i EUs økonomiske hjelpepakke. Dette inkluderar mellom anna ei omfordeling av regionale midlar. Gjenverande 37 milliardar euro fra regionalpolitiske program i EU for perioden 2014-2020 vil bli nytta til å hjelpe medlemslanda sine innbyggjarar, helsevesen og næringsliv.

Kommisjonen har frå før oppretta et responsteam av fem kommisærar. Les meir om kva Kommisjonen gjer for å koordinere medlemslanda sine tiltak her.

Situasjonen i EU og i Europa endrar seg naturlegvis raskt. På EURACTIV sine nettsider finn du oppdatert informasjon om koronaviruset i Europa og korleis det blir handsama.