Frå utveksling i Santiago til praksisopphald i Brussel

Eit nytt år er godt i gong, og to nye praktikantar er på plass hos Vest-Noregs Brusselkontor (VNB). Ein av dei er Eli Kjelkenes Løfvenius (23) og ho skal, som ein del av sin bachelorgrad i samanliknande politikk, vere praktikant hos VNB fram til sommaren. Eli og hennar makkar, June, har fått ein pangstart på opphaldet. Dei har mellom anna vore med på gjennomføringa av Lynkurset i EU og EØS, som me arrangerer saman med dei andre regionkontora og KS i Brussel. Over 60 tilreisande frå heile landet deltok på kurset, som inkluderte elleve deltakarar frå Vestland og Møre og Romsdal. VNB ventar også mange tilreisande frå regionen utover våren, så Eli har mykje kjekt i vente.

Eli kjem frå Sotra, men har budd i Bergen dei første to åra av bachelorgraden sin. I fjor haust hadde ho eit utvekslingsopphald i Santiago i Chile, der ho studerte spansk og følgde den politiske situasjonen i Chile. Både den faglege bakgrunnen frå studiane og den internasjonale erfaringa frå Chile kjem godt med når praksisopphald i EU sin hovudstad står for tur.

«Mi interesse for EU og korleis EU påverkar norsk politikk har stadig vakse gjennom utdanninga mi. Difor synes eg det er utruleg spanande å skulle få arbeide direkte med temaet her i Brussel. Spesielt kjekt er det å kunne sjå korleis teoriane eg har lest om på lesesalen fungerar i praksis», seier Eli.

Ho har alltid hatt stor interesse for samfunnsfaglege spørsmål. Gjennom sitt arbeid  i organisasjonen «Ung i Kor – Vest» og på Kyst museet i Øygarden, har ho god kjennskap til regionen og erfaring med regionalt arbeid. Dette er nyttig kunnskap å ta med seg når ho skal ta del i den daglege drifta av kontoret. Eli vil òg ha hovudansvaret for kontoret sitt månadlege nyheitsbrev, «Brusselnytt» Viss du ikkje er påmeldt enno, kan du gjere det her.

«Eg synes eg allereie har fått eit djupare innblikk i dei moglegheitene som regionen vår har til å vere ein del av eit europeisk samarbeid. Då spesielt med tanke på dei krisene som vi no står i. Eg gler meg til å følgje og rapportere om utviklinga innan energi- og miljøpolitikk i EU, der regionen vår har særleg god kompetanse og gode høve til å bidra».