Ny EU-strategi for betre utnytting av talent i regionane

I følgje SSB skal befolkninga i Noreg vokse med 11 prosent fram til 2050, men denne veksten har ei særs ujamn geografisk fordeling. Viken er venta å vokse mest med 18 prosent, og Nordland minst med -1,6. Vestland og Møre og Romsdal vil i følgje prognosane vokse mindre enn gjennomsnittet med høvesvis 8,7 og 4,6 prosent. Utfordringar knytt til dette er minkande arbeidsstyrke og at unge flyttar frå distrikta. Sjølv om heile landet har ein aldrande befolkning, er verknadane sterkast i distrikta på grunn av desse utfordringane.

Det er ikkje berre norske regionar og kommunar som har utfordingar med befolkningsnedgang. Europakommisjonen skriv at 82 av regionane i EU vert påverka av nedgåande arbeidsstyrke, låg del av innbyggarar med høgare utdanning og at den unge delen av befolkninga forlét regionen. Desse regionane utgjer opp mot 30 prosent av EU sin befolkning. For å støtte dei regionane som slit med å halda på eksisterande arbeidstakarar og rekruttering av nye med rett kompetanse , lanserer Kommisjonen ein «Talent Booster-Mekanisme».

Demografiske prognosar med konsekvensar

Ei rekke demografiske prognosar ligg til grunn for utviklinga av Talent Booster-Mekanismen:

  • Innan 2050 vil ca. 30 prosent av befolkninga i EU vere over 65 år
  • Forventa levealder fortsett å auke
  • Fruktbarheitstalet for 2020 var 1,5, men ein treng minst 2,1 for å oppretthalde befolkninga
  • Talet på husstandar veks, medan storleiken på husstandane minkar
  • Befolkninga i Europa vil utgjere 4 prosent av verdas befolkning i 2070, mot 6% i dag

Dersom ein ikkje handlar for å motverke desse prognosane, kan resultata by på utfordringar for heile Unionen. Både på regionalt nivå, med store forskjellar som kjelde til disputt, og på EU-nivå med tanke på konkurransedyktigheit i verdssamanheng.

Korleis skal «Talent Booster Mechanism» fungere?

Talentmekanismen er eit initiativ for å jobbe mot dei demografiske trendane som kan føre til at enkelte regionar kan ligge brakk. Kommisjonen delar initiativet inn i åtte punkt for korleis det vil støtte regionane.

  • Eit nytt pilotprosjekt skal hjelpe med å implementere strategiar for å lære opp, tiltrekke seg og behalde kompetanse.
  • Det nye initiativet «Smart adaptation of regions to demographic transition” skal hjelpe med å handtere lokale demografiske forandringar.
  • Technical Support Instrument (TSI) vil støtte medlemsland med å motarbeide ein minkande arbeidsfør befolkning og kompetansemangel.
  • Finansiell støtte til å stimulere innovasjon og moglegheiter for jobbar med høg kompetanse i regionane.
  • Under «European Urban Initiative» har ein tatt initiativ for å teste plassbaserte løysingar. Initiativet er leda av byar for å utvikle, behalde og tiltrekke seg kompetanse
  • Synleggjere EU-initiativ for å informere interesserte regionar om EU sin politikk innan forsking, innovasjon, utdanning og ungdomsmobilitet.
  • Utveksling av erfaringar og gode arbeidsmetodar
  • Forbetre analytiske kunnskapar for å støtte politikk på regional utvikling og migrasjon på grunnlag av forsking.
Talent Booster-mekanismen og EU sitt kompetanseår

Talentmekanismen er eit initiativ som står i stil med Europakommisjonen sitt forslag om å gjere 2023 til «the European year of skills». Forslaget om temaåret vart først presentert hausten 2022 under den årlege tala til Kommisjonspresident Ursula von der Leyen, «State of the Union». Ein forventar at temaåret startar opp for fullt i mai, då forhandlingane om detaljar kring temaåret framleis pågår. Forslaget er merka som EØS-relevant og Kunnskapsdepartementet har allereie vurdert temaåret som relevant for norsk politikk på området. Dei komande Stortingsmeldingane «Utsynsmeldinga» og «Profesjonsmeldinga», samt regjeringa si satsing på høgare yrkesfagleg utdanning, er konkrete dømer på samanfallande interesser. Departementet har difor tilrådd at forslaget blir inkorporert i EØS-avtalen.