Thriving Regions, Stronger Europe

Med dette temaet set EU tonen for European Week of Regions and Cities 2023. Under veka skal det vere fokus på regionale svar på Europeiske utfordringar. Problemstillingane som skal diskuterast er kjente òg frå regionalt utviklingsarbeid i Noreg.  

Lokal handling for europeisk endring 

For at dei store endringane som EU legg opp til, ikkje minst på grøn transformasjon, vert det ofte vektlagt at ein er avhengig av godt arbeid på lokalt nivå. Dette kjem godt fram i hovudtittelen «Thriving Regions, Stronger Europe». Under veka, 9.-12. oktober, skal temaet vidare delast inn i seks fokusområde:  

  • Regionar i postindustriell omstilling 
  • Behalde talent for regional vekst 
  • Bryte barrierar for samarbeid over grenser 
  • Små og mellomstore bysenter som drivkraft for vekst 
  • Lokalt energiskifte for sikkerhet og bærekraft  
  • Fremme sosial innovasjon 

Som ein kan sjå av denne lista, er tema og fokusområda kopla tett på den europeiske agendaen. Samstundes er det eit regionalt perspektiv som er stikkordet for heile arrangementet og det vore viktig å få fram korleis ein kan, og må, arbeide lokalt for å løyse store samfunnsproblem. Dette er kjent tematikk på heimebane og norske aktørar kan finne relevante tema på lista.  

European Week of Regions and Cities hadde i 2022 ei hybrid form, med både fysiske og digitale arrangement. Sjølv om det vart tydeleg under opningsmøtet 13. februar, at ein gler seg til å kunne tilby fleire fysiske arrangement i år, er det framleis opent for digitale og hybride løysingar.  

Høg konkurranse om plassen  

På opningsmøtet vart det vidare ytra eit ynskje om å redusere talet arrangement for å unngå konkurranse om deltakarar på arrangement med liknande tema. Difor er det venta særs høg konkurranse om plassane i år og som tidlegare er det ei rekke krav å fylle. Kvart arrangement krev at ein er mellom 3 og 8 partnerar frå minst to nasjonalitetar. Dersom ein vert valt ut som arrangør får ein tilgang på ei rekke hjelpemiddel, blant anna ein kommunikasjonsprofil som en binder seg til å bruke. Vidare må ein oppfylle krav om kjønnsbalanse og aldersbalanse, i tillegg til at ein skal streve etter å halde arrangementet papirfritt. Du kan lese meir om søknadskrava i denne guiden. 

Fornying av veka  

Formatet til veka vert noko endra frå og med i år. Det er lagt opp til fem ulike formar for arrangement, der nokre er kortare enn tidlegare:  

  • Workshop (60 min) 
  • EURegions Talk (15 min)
  • Tasting  
  • Deltakande/politisk laboratorium (90 min) 
  • Stands (heile arrangementet)  

Som ein del av fornyinga, vil det vere mogleg å arrangere «side-arrangement». Desse arrangementa vert ikkje ein del av det offisielle programmet, men kan dra nytte av hjelpemidla på lik linje med dei som er det. Det vert òg opna for at ein kan halde desse arrangementa andre plassar enn i Brussel og over ein lengre tidsperiode enn den offisielle veka. Side-arrangementa må likevel ta for seg eit av dei seks fokusområda. Søknadsfristen for side-arrangement er 23. juni. 

Vest-Norges Brusselkontor har vore med på veka som deltakar i fleire år og har god kunnskap om arrangementet. Vi vurderer å bli med i år òg. Ta gjerne kontakt med oss om du er interessert i å arrangere noko saman med oss og andre europeiske regionar.