Hydrogen på agendaen

Grøn omstilling gjennomsyrar politikkutforminga i EU, og eit område som er varsla å få eit ekstra løft er hydrogen. Den 1. mars 2023 signerte Hydrogen Europe, Hydrogen Europe Research, smart spesialiseringsplattformen S3 H2 Valleys og Europakommisjonen ein erklæring der dei stadfestar den sentrale rolla hydrogen vil spele i det grøne skiftet. Vest-Norges Brusselkontor var til stades under signeringa.  

Tiltak for utvikling av Hydrogen  

EU har allereie lansert ei rekke tiltak på hydrogen, blant anna gjennom hydrogenstrategien. I februar kom det eit forslag til eit detaljert regelverk for kva som skal gjelde som fornybar hydrogen og ikkje. Som ein del av energiplanen REPowerEU, er det lansert ein «Hydrogenakselerator» med mål om å produsere og importere 20 millionar tonn hydrogen innan 2030. Vidare er det satt eit mål om å tidoble kapasiteten til å produsere utstyret som krevst for elektrolyse. I tillegg til desse tiltaka, er Hydrogen Valleys sett på som eit av dei viktigaste satsingsområda for å skalere opp hydrogenøkonomien. Difor er det venta fleire tiltak retta spesielt mot Hydrogen Valleyprosjekt.  

Hydrogen Valleys 

Hydrogen Valleys kan definerast som eit mindre geografisk område der ein produserer, lagrar, fordelar og brukar hydrogen. Desse legg til rette for gode hydrogenøkosystem der forsking og teknologiutvikling får spire , og er viktig for å få fortgang i utviklinga av sektoren. Vidare er det ein god måte å vise korleis ein storskala hydrogenøkonomi kan fungere på eit lokalt nivå. Det er bestemt at 200 millionar euro av midlane som foredlast gjennom REPowerEU, skal øyremerkast til utvikling av Hydrogen Valleys. Dette kjem på toppen av midlar frå Horisont Europa-programmet, der mellom anna ein milliard euro går til utviklinga av hydrogenfeltet gjennom «Clean Hydrogen Partnership».  

Vegen vidare  

Det er venta fleire tiltak frå EU for å booste hydrogensektoren. Europakommisjonen arbeidar for eksempel med eit vegkart for Hydrogen Valleys, som er venta å kome i mai. Ursula von der Leyen har òg foreslått å  opprette ein europeisk hydrogenbank. Forslaget er lagt fram som ei støtte for investeringar i og oppskalering av  hydrogenmarknaden. Vidare finst det ei rekke organisasjonar og nettverk som skal fungere som eit sterkare hjelpeapparat for dei som ønskjer å satse på hydrogen.  

Moglegheiter  

Gjennom eksisterande og kommande tiltak, har EU gjort det tydeleg at hydrogen vert eit viktig satsingsområde framover. Det betyr at dersom ein kunne tenkje seg å satse på hydrogen, vil det kome fleire moglegheiter for finansiering og kompetanse som ein kan betytte seg av. Noreg har gjennom EØS-avtalen tilgang på ei rekke av desse ordningane, så her er det også gode moglegheiter for norske aktørar.