Meld deg på EU/EØS på 1-2-3: Lynkurs for folkevalde

Det er no mogeleg å melde seg på årets lynkurs i EU/EØS 12.-13. septmeber i Brussel!

Vest-Norges Brusselkontor arrangerer lynkurset for tredje år på rad, saman med dei andre norske regionkontora og KS i Brussel.

Lynkurset er skreddarsydd for folkevalde og leiarar frå kommuner og fylkeskommuner som ønsker å lære meir om EU og EØS si innverknad på kommunesektoren. Det vil som alltid bli gitt ein grundig introduksjon til korleis EU-systemet fungerer og korleis Noreg er knytt til EU gjennom EØS-avtalen. Årets lynkurs vil i tillegg sjå på framtida til EU og korleis prioriteringane til EU framover vil påverke Noreg. Lynkurset vil òg gi høve til å møte dei norske regionkontora, og er ein god arena for å bli kjent med andre folkevalde og leiarar frå heile Noreg.

Kurset vil bli holdt på Norges hus i Brussel 12.-13. september, frå lunsj til lunsj. Kursavgift er 1 000 NOK og dekker lunsj begge dagane og fellesmiddag på kvelden onsdag.

For meir informasjon, last ned invitasjon og førebels program her.

Påmelding kan gjerast via denne lenka. Frist er 29. juni.

Les mer om dei tidlegare lynkursa vi har arrangert i 2017 her og i 2016 her.

Førebels program

Onsdag 12. september
12.00  Lunsj og registering
12.30  Velkommen
12.45  EU og Norges forhold til EU
13.30  EFTA og EØS-avtalen i møte med fremtidens EU
14.15  Kaffepause
14.30  Hvordan blir kommunesektoren påvirket av EU? Hvilke muligheter finnes?
15.15   Prioriteringer i EUs langtidsbudsjett – Hva vil dette si for Norge?
16.00  Oppsummering av dagen
16.15  Parallelle møter med de norske regionkontorene
19.30  Middag

Torsdag 13. september
08.30  Registrering og kaffe
09.00  EUs by-, region- og utjevningspolitikk – Hva betyr den for oss?
09.45  Globale klimaavtaler og Norges forpliktelser
10.30  Kaffepause
10.45  Demokratisk utvikling i Europa og i EU
11.45  Norge i fremtidens Europa – Hva har skjedd og hvor er vi på vei?
12.15  Lunsj og nettverksbygging