Naturmangfald blir tema for årets Green Week. Registreringa har opna!

EUs årlege veke for natur, miljø og klima vil i år gå føre seg 19.-22. oktober. Tema for årets veke er natur og biologisk mangfald.

Naturmangfald står høgt på EUs agenda for tida. Kommisjonens grøne vekststrategi Green Deal vart lansert i desember 2019. I mai følgde Kommisjonen opp med ein strategi for naturmangfald.

Les meir om Green Deal og strategien for naturmangfald her.

Green Week vil ta føre seg denne strategien, og sjå særleg på kva rolle naturmangfald spelar i samfunnet og i økonomien. Veka vil òg sjå på koplingane mellom naturmangfald og covid-19, og korleis naturmangfald kan bidra til berekraftig vekst og økonomisk gjenreising i Europa etter pandemien.

Veka har tre delar:

Opningskonferanse i Lisboa 19. oktober

Offisiell opning av veka vil gå føre seg i Lisboa, som er europeisk miljøhovudstad i 2020.

Høgnivå-konferanse i Brussel 20.-22. oktober

Denne konferansen vil gå føre seg i Brussel over tre dagar og bestå av ulike sesjonar som tek for seg ei rekke ulike tema. Mellom anna finn du sesjonar om skog, jordbruk, hav og forureining. Det vil bli mogeleg å følgje desse sesjonane digitalt. Program og påmelding til denne finn du her.

Partnar-arrangement i september og oktober i heile Europa

I laupet av september og oktober vil det gå føre seg mange lokale arrangement over heile Europa som tek for seg tematikken til Green Week. Fram til 31. august kan du registrere ditt arrangement og få det inn i det offisielle programmet. Les meir om dette og sjå dei andre partnar-arrangementa her.

Green Week blir kombinert med EWRC

I år blir Green Week arrangert i samarbeid med EUs regionveke, European Week of Regions and Cities, som i år strekk seg over tre veker. Siste veka av EWRC har ‘grønt Europa’ som tema, og overlappar dermed både tematisk og tidsmessig med Green Week.

I samarbeid med vårt regionale partnarskap kjem Vest-Norges Brusselkontor til å arrangere ein workshop om Green Deal og regionar under EWRC/Green Week. For meir informasjon om EWRC, sjekk ut heimesida deira her og følgj med på våre nettsider.

Les alt om Green Week og meld deg på her.

Ta kontakt med Vest-Norges Brusselkontor dersom du ønskjer meir informasjon om korleis du og din organisasajon kan delta.