Viste fram sirkulærøkonomi frå Møre og Romsdal i Brussel
Sirkulærøkonomi = konkurransekraft og innovasjon
Ingrid Hansgård Gjelsvik og Martin Ose presenterte korleis Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar saman med Innovasjon Norge i satsinga på industriell symbiose, gjennom samarbeid, finansielle støtteordningar og kompetanseheving, blant anna gjennom Skaparkraft. Dei la vekt på korleis industriell symbiose kan bidra til både grøn omstilling og økonomisk motstandskraft. Eit bodskap var at samarbeid om bruk av restressursar, som varme, vatn eller materiale, fører til mindre sløsing og meir verdiskaping. Ein blir også mindre avhengig av tilførsel av ressursar utanfrå.
– Vi ser at sirkulærøkonomi ikkje berre handlar om miljø. Det handlar også om jobbar, tryggleik og lokal utvikling. Det gjer regionen vår meir robust, og det gjer næringslivet meir konkurransedyktig, seier Ose
Mot ei grøn og sterk framtid
Deltakinga på EU Green Week gav både inspirasjon, kunnskapsheving og nye kontaktar – og viser at Møre og Romsdal er ein aktiv medspelar i den grøne omstillinga i Europa.
– Vi ser at fokuset på sirkulærøkonomi ofte blir urbane områder. Det er viktig at stader som her med utfordringar som store avstandar og store moglegheiter i form av innovativ, verdensleiande industri også blir ein del av diskusjonen, seier Solveig Stornes.
Vest-Norges Brusselkontor (VNB) deltok på Green Week saman med fylkeskommunen, og er tett påkopla arbeidet med sirkulærøkonomi.