Fortalde om sirkulær omstilling på World Circular Economic Forum

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise, var i Brussel 18. april. Der presenterte han fylkeskommunen sitt arbeid med sirkulærøkonomi og samarbeidet med OECD for Europakommisjonen. Vest-Norges Brusselkontor var med å tilrettelegge for besøket og deltok på konferansen saman med fylkesordføraren.

© Denne artikkelen vart først publisert på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.

Riise deltok på «World Circular Economic Forum», som er verdas største konferanse for sirkulærøkonomi.

Saman med ministerrådar frå Strasbourg og Syd-Holland vart Riise invitert til Brussel for å fortelje om status på sirkulær omstilling i Møre og Romsdal og korleis fylkeskommunen vil vere ein pådrivar. Til stades var blant anna representantar frå Europakommisjonen, OECD, Den europeiske investeringsbanken (EIB) og Circular Cites and Regions Network (CCRI).

Sirkulær omstilling

– Målet er å betre ressursutnyttinga for å svare på regionen sine utfordringar relatert til mellom anna kompetanse, kraftunderskot og logistikk. Dette stemmer godt overeins med ambisjonane i EU sin grøne vekststrategi, «European Green Deal».

– Nøkkelen for å nå omstilling er samarbeid mellom ulike nivå av offentlege myndigheiter, næringsliv og akademia. Vi har identifisert sirkulærøkonomi som eit avgjerande fokusområde, og som følge av det bestemde vi oss for å søke om å bli ein del av initiativet for sirkulære byar og regionar, sa fylkesordføraren blant anna.

Panel-intervjua som OECD gjennomførte tidlegare i år var avgjerande i denne prosessen, der det stilte over 60 interessentar frå offentlege myndigheiter, private verksemder, akademia og frivillige organisasjonar i regionen. Desse samtalane har framheva både utfordringar og moglegheiter som ligg føre oss, og etablert ein interessentfellesskap som er forplikta til å drive fram positiv endring.

Felles retning

Sirkulærøkonomi er eit breitt og omfattande felt som krev mange forskjellege initiativ og samarbeid på tvers av sektorar og fagområda. Møre og Romsdal fylkeskommune har jobba strategisk med sirkulærøkonomi sidan 2021, då prosjektet «Berekraftfylket» gjennomførte ei berekraftskartlegging saman med alle kommunane i fylket. Sirkulærøkonomi blei då peikt på som eit av seks satsingsområde.

I 2022 søkte Møre og Romsdal fylkeskommune og fekk plass som ein såkalla «fellow» i Circular Cities and Regions Initiative (CCRI). Det er eit treårig EU-nettverk som gir tilgang til kompetanse, kunnskap og finansiering innanfor sirkulærøkonomifeltet.

Fylkeskommunen si aktive deltaking i CCRI gjorde at OECD tok kontakt i juni 2023 og valde Møre og Romsdal som ein av ti europeiske regionar til å delta i ei kartlegging på sirkulærøkonomi, som skal resultere i konkrete anbefalingar basert på erfaring frå andre regionar i Europa. Rapporten vil vere klar i mai.

Vest-Norges Brusselkontor ser fram til å lese rapporten og støtte opp under fylkeskommunen sitt arbeid innan sirkulærøkonomi!

Anders Riise saman med Anna Solvang, Europarådgivar på VNB