Tredje runde med WiFi4EU lansert!

EU har no lansert datoen for den tredje runda med WiFi4EU. Her kan kommuner søke om 15 000 euro til utbygging av WiFi på offentlege plassar. Søknadsportalen opnar 19. september kl. 13.00. Ver raskt ute, det er første kommune til mølla!

WiFi4EU

WiFi4EU er ei støtteordning frå EU som vart lansert i 2018. Her kan europeiske kommunar søke om 15 000 euro til utstyr og installasjon av WiFi på offentlege plassar. EU deler ut til saman 150 millionar euro til dette føremålet, fordelt over fleire runder. Budsjettet for denne tredje runden er 26,7 millionar euro, som skal fordelast på 1 780 kommuner.

Krav for å få støtte er at nettet skal vere på ein offentleg stad og vere ope og gratis for alle. I tillegg må nettet driftast og vedlikahaldast av kommuna i tre år. Ordninga er ein del av EU sin strategi for ein digital indre marknad, men norske kommunar kan søke på lik linje som kommunar frå EU-medlemsland.

I første utlysningsrunde fekk fire av våre medlemmar, Balestrand, Eidfjord, Førde og Gloppen, støtte til utbygging av gratis WiFi i kommunen. I andre runde kom Gaular og Høyanger seirande ut.

Les meir om korleis Førde og Gloppen brukte midlane dei fekk her.

Søknadsprosessen

Søknadsprosessen er enkel og kommunen kan legge inn sin søknad på forhånd. Søknaden må sendast inn når portalen opnar 19. september kl. 13.00.  Her er det første kommune til mølla, så der det viktig å sitte klar for å sende inn med ein gong portalen opnar. I førre runde vart halvparten av søknadane sendt inn dei første ti sekunda etter at portalen vart opna!

Det vil også vere ei viss geografisk spreiing, så alle land er sikra eit visst antall suksessfulle søknadar.

Les meir om WiFi4EU og korleis du kan søke på denne sida.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) følgjer opp ordninga i Norge. Du kan også lese meir på Nkom sine sider her.

Sjekk ut spørsmål og svar om ordninga på Nkom sie sider her.