EU-støtte til utbygging av WiFi på offentlege plassar

WiFi4EU er ei støtteordning frå EU, lansert i 2018, som gir støtte til kommunar som vil tilby gratis WiFi på offentlege plassar. Fire av medlemmane til Vest-Norges Brusselkontor har så langt fått tilskot frå EU til dette.

WiFi i Førdehuset

Førde kommune er ein av kommunane som så langt har fått støtte til å installere og tilby gratis internett til publikum. Dei har no installert WiFi i Førdehuset som skal vere ope og tilgjengeleg for publikum. Det trådlause nettet kan no brukast i alle publikumssonene i Førdehuset, som i kaféane, vrimlearealet, biblioteket, idrettshallen, Festsalen og musikkrommet. Det har vore eit mål for kommunen å få på plass nettet før Førdefestivalen, som gjekk føre seg 3.-7. juli 2019.

Les meir om nett i Førdehuset her.

Heradsplassen i Gloppen har fått gratis nett

Ein annan kommune som har fått støtte til utbygging av WiFi er Gloppen kommune. Dei har no installert nett som er ope for alle ved Heradsplassen og Grandeparken i sentrum av Sandane. Kommunen ønsker at dette blir ein naturleg møteplass for ungdom og andre som oppheld seg i sentrum. Kommunen kjem òg til å bygge benkar og ladestasjon med solcellepanel for at det skal verte ein naturleg opphaldsstad. Med pengane dei har fått frå EU har dei i tillegg planar om å også bygge ut WiFi-soner i Colombusparken i Hyen, ved Coop på Byrkjelo og i sentrumsparken på Reed. Desse vil truleg vil opne i laupet av hausten 2019.

Les meir om WiFi i Gloppen her.

Wifi4EU

WiFi4EU er ei relativt ny støtteordning frå EU som vart lanser i 2018. Her kan europeiske kommunar søke om 15 000 euro til utstyr og installasjon av WiFi på offentlege plassar. I første utlysningsrunde fekk fire av våre medlemmar, Balestrand, Eidfjord, Førde og Gloppen, støtte til utbygging av gratis WiFi i kommunen.

Krav for å få støtte er at nettet skal vere på ein offentleg stad og vere tilgjengeleg og gratis for alle. Nettet må også driftast og vedlikahaldast av kommuna i tre år. Ordninga er ein del av EU sin strategi for ein digital indre marknad. Norske kommunar kan søke på lik linje som kommunar frå EU-medlemsland.

Les meir om WiFi4EU på heimesida her.

Nye utlysingsrunder kjem

Neste søknadsrunde vil vere i laupet av hausten 2019. Enda ei utlysing vil truleg kome på vårparten 2020. Ein kan allereie no førehandsutfylle søknad. Når portalen opnar er det første kommune til mølla, så det gjeld vere klar.  Ein får vite kva tid portalen opnar eit par dagar før. For å få meir informasjon rett inn i innboksen kan ein melde seg på nyhendebrevet til WiFi4EU her.

Finn ut meir ved å sjå på videosnutten under: