Styrkar fokuset på forsking

Vest-Norges Brusselkontor har  hatt ein solid medlemsvekst så langt i år, og blant dei nye medlemmene vi har hatt gleda av å ønske velkommen er Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Dette er vår første medlem frå forsking- og utdanningssektoren. Medlemskapen i VNB er ein del av Høgskulen si internasjonale satsing på forskingsområdet, samtidig som dei også ønsker å bidra til regional utvikling på Vestlandet.

HVL blei til då Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund fusjonerte 1. januar 2017. I dag er dei ein av landets største utdanningsinstitusjonar, med om lag 16 000 studentar fordelt over fem campusar i Bergen, Haugesund, Stord, Førde og Sogndal.

Høgskulen er kjent for å ha ein tydleg arbeidsretta profil i utdanningsprogramma sine, og er derfor ein viktig støttespelar for regionen dei er en del av. Dei ønsker å vere ein aktør for innovasjon og verdiskaping i framtida, der målet er berekraftig utvikling gjennom riktig kompetanse i vestlandsregionen.

«For HVL er det kjempeviktig å internasjonalisere institusjonen vår og skaffe eksterne forskningsmidler, blant anna gjennom verktøy som Horisont 2020 og andre relevante EU-programmer. Samtidig ønsker HVL å vere ein institusjon som er tett på vår region, og bidra til regional utvikling gjennom å ta i bruk dei moglegheitene som ligg i europeisk samarbeid. Derfor er Vest-Norges Brusselkontor ein veldig interessant og nyttig samarbeidspartnar for oss, og vi ser fram til eit godt samarbeid med kontoret og deira partnerar», seier rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet.

Vest-Norges Brusselkontor har fått fleire nye medlemer frå kommunesektoren både i 2017 og 2018. Styret i VNB er svært glade for at HVL har meldt seg inn i VNB, og for at kontoret nå har forsking- og utdanningssektoren direkte representert inn i sitt arbeid. «Dette tilfører en ekstra dimensjon i VNBs arbeid», seier styreleder Harald Schjelderup. «Samtidig ser vi at mange av dei tema som HVL er opptekne av også byr på gode mogelegheiter for samarbeid med andre medlemer i VNB».