Over 14 millionar til europeisk forsking på akvakulturindustrien

Korleis kan akvakulturindustrien bli meir berekraftig? Eit nytt europeisk forskingsprosjekt under leiing av professor Natalia Mæhle ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal sjå nærare på akkurat dette.

© Denne artikkelen vart først publisert på HVL sine nettsider, og er skriven av Ingrid Hope Leirvåg.

– Vi gler oss til å ta fatt på prosjektet. Akvakulturnæringa er ein stor og viktig bransje både i Norge og på verdsbasis, så dette blir veldig spennande, kommenterer Mæhle.

Næringa, som har hatt ein stor vekst i Noreg sidan oppstarten på 70-talet, produserer fisk og sjømat til ein internasjonal marknad, og omset for milliardar i året. Men næringa har også blitt stilt ovanfor mange utfordringar, som til dømes miljøutslepp, rømming og sjukdommar. Den har også blitt kritisert for at ein for liten del av profitten kjem lokalsamfunna til gode.

– Kva utfordringar som dominerer kan variere frå land til land. Målet vårt er å finne ut korleis næringa kan balansere dei økonomiske, sosiale og miljømessige omsyna betre, forklarer Mæhle.

EU-prosjekt

Prosjektet, som har fått namnet Aquabalance, er finansiert gjennom EU-utlysinga «Sustainable Blue Economy Partnership», og er eit samarbeid mellom Norge, Danmark, Italia og Irland. Formålet er å skape ny kunnskap om korleis den europeiske akvakulturindustrien kan utvikle seg på ein måte som ikkje er skadeleg for miljøet, og bidra til verdiskaping både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

– I prosjektet skal vi kartlegge ulike regionar der akvakultur er viktig i dag. Vi skal sjå på kva forretningsmodellar dei har og ha fokus på heile verdikjeda, inkludert leverandørar av fôr og teknologi, forklarer Mæhle, som til dagleg er knytt til seksjon for innovasjonsstudier ved Handelshøgskulen HVL.

Involverer fleire interessentar

Som ein del av prosjektet vil dei óg undersøkje korleis næringa blir oppfatta i samfunnet, og kva utfordringar som fins med tanke på omdømme. Undervegs i prosjektet vil dei dessutan involvere folk frå næringa, politikarar, interesseorganisasjonar og representantar frå sivilsamfunn til workshops og såkalla «policy-labs».

Målet er å utvikle eit «policy-veikart» som anbefalar felles tiltak for korleis akvakulturindustrien kan bli meir berekraftig.

– Forholda er samtidig forskjellige frå land til land, og veikartet skal difor kunne tilpassast lokale forhold, legg ho til.

I februar var Mæhle i Brussel for å presentere prosjektet for næringsliv, politikarar og andre forskarar under «The first Sustainable Blue Economy Partnership Symposium«. Vest-Norges Brusselkontor deltok på konferansen.

Prosjektet startar opp i april 2024 og varer i tre år.