Kjekk og lærerik start på hausten

Å besøkje medlemane våre er både hyggeleg og lærerikt. Ikkje minst hjelper det oss med å drive godt interessearbeid i Brussel. Vi har hatt ein aktiv start på hausten, og har brukt august månad til å møte medlemar og samarbeidspartnarar på heimebane i regionen. 

Medan vi venta på at Brussel skulle vakne opp igjen etter ferien, har vi hatt mange gode møter med medlemane og partnarar i regionen. Det har vore alt frå gjestekontor, planleggingsmøte og spesifikke temamøter der vi har vore invitert til å halde innlegg. August kan oppsumerast slik:

  • Vi hadde ein fin introduksjonsdag med vår nye studentpraktikant, Erik Andreas Mohn Danielsen. Han vart godt tatt imot då vi besøkte tre av medlemane våre, Høgskulen på Vestlandet, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, og fekk høyre om deira satsingar innan internasjonalt arbeid. Det var ekstra stas å bli ynskt velkomen av byrådsleiar Rune Bakervik, som også er styreleiar i Vest-Norges Brussselkontor. I frå 1. september er Erik på plass på kontoret i Brussel.
  • Anna og Merete har vore på besøk i Sogndal. Der fekk dei eit inspirerande møte om internasjonalt arbeid i Sogndal kommune, med ordførar Arnstein Menes, kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo og Joakim Systaddal som har den spenstige jobbtittelen utfordrar. Kommunen har fokus på mange viktige tema som kan koplast til den europeiske agendaen, og dette ga rom for gode samtalar om korleis det kan gjerast.
  • VNB var til stades på semesteropninga på HVL sin campus i Bergen, der det vart høve til gode diskusjonar med både tilsette og andre sentrale partnarar for Høgskulen. Vi rakk også innom HVL sin campus i Sogndal der vi vart teken godt i mot av vårt styremedlem og prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland, og samfunnskontakt Tone Skjerdal.
  • Vi har hatt mange fine arbeidsdagar på gjestekontor hos fleire medlemar. Det har gitt oss mogelegheiter for å kunne koordinere arbeidet og planleggje for hausten saman med gode kollegaer. Ekstra kjekt var det å halde innlegg saman med Vestland fylkeskommune på eit tverrfagleg møte i Sogndal om internasjonale prosjektmoglegheiter innan kompetanse. Her var det samla mange gode krefter, inkludert Sogndal kommune. Tusen takk til Torgeir Skålid i Sognekraft for invitasjonen til prosjektmøtet.

Med mange gode bestillingar frå medlemane i bagasjen, er vi no på plass i Brussel og ser fram til ein aktiv haust.