Satsar på entreprenørskap og innovasjon

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har fått EU-støtte til å delta i eit prosjekt som har som mål å skape grobotn for nyskaping. Vest-Norges Brusselkontor gratulerar!

© Denne artikkelen vart først publisert på HVL sine nettsider, og er skriven av Tora Myklebust Optun.

— Vi ønsker å gi våre studentar kunnskapen og verktøya dei treng for å utvikle framtidas samfunn og bidra til globale løysingar. For å greie dette må vi legge enda meir vekt på innovasjon i helse og sosialfaga og i utdanningane våre, noko deltaking i dette prosjektet gir oss større moglegheit til, seier prodekan for samhandling, Monica Wammen Nortvedt.

I lag med Øyvind Midtbø Berge, prodekan for regional utvikling, leiar ho det EU-støtta INTREPID-HEI-prosjektet. I løpet av dei to åra prosjektet varer skal HVL i samarbeid med seks andre europeiske universitet og partnerar frå næringsliv og offentleg forvaltning, bygge kapasitet for innovasjon og lære av kvarandre. Prosjektet inngår som ein del av Det europeiske instituttet for innovasjon og teknologi (EIT) og er ein integrert del av EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.

Styrkar samspelet ved HVL

— At vi no har fått EU-finansiering til å utvikle innovasjonsarbeidet ved HVL er veldig spennande – ikkje minst fordi vi i dette prosjektet sett saman eit team på tvers av fakultet og campus og trekk inn fagpersonar frå både vitskapleg og administrativ linje, forklarar Midtbø Berge.

Fakultet for ingeniør- og naturfag, Fakultet for helse- og sosialfag, Fakultet for økonomi- og samfunnsfag, HVL-Skape og Avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon er involvert i prosjektet frå HVL si side. Fagansvarleg for forskingsbasert innovasjon, Terje Gravdal, har tru på at deltakinga i prosjektet vil føre med seg mykje bra.

— Dette gir oss rom til å styrke oss på innovasjon og entreprenørskap både for studentar og tilsette. Gjennom prosjektet vil vi mellom anna dele erfaringar med Program for ideutvikling, og jobbe for å vidareutvikle og styrke programmet fram mot den neste utlysinga i 2023.

Skapar nye forbindelsar

I tillegg til samarbeid på tvers i HVL legg prosjektet òg til rette for samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar i Europa.

— Fleire av partnarane som vi skal samarbeide med har vi gode relasjonar med frå tidlegare, mellom anna gjennom European Universities-alliansen. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap er allereie i gong med eit prosjekt innanfor berekraftig entreprenørskap og turisme, der vi samarbeider med Odvidius Universitet i Romania. Dette blir eit høve til å styrke desse banda og skape nye forbindelsar.

Les meir om samarbeidsprosjektet med Odvidius Universitetet her.