EU-reglene for offentlige anskaffelser har gitt innsparinger på 20 milliarder euro

–  Dette sier Europakommisjonen i en pressemelding fra 24. juni. Dette tallet er hentet fra en evaluering av regelverket for offentlige anskaffelser som Europakommisjonen har utarbeidet. Evalueringsrapporten er et av dokumentene som danner grunnlag for Kommisjonens arbeid med  endringer i reglene for anskaffelser. Europakommisjonen tar sikte på å presentere et forslag til nytt regelverk som skal legges frem i slutten av 2011.

Les mer

Norske reglar for arbeidsløysetrygd i strid med EØS-avtalen

 

EFTA sitt overvakingsorgan ESA har konkludert med at Noreg og Island lyt endre reglane om vilkår for utbetaling av arbeidsløysetrygd til utanlandske arbeidarar som berre har vore i arbeid i desse landa i ein kortare periode. I EØS-avtalen går det klårt fram at ein ikkje kan stille krav til kor lenge ein person har arbeidd i Noreg eller Island for å rekne med dei oppsparte rettane personen har med seg frå andre EØS-land. 

Les mer

Norske krav om løns- og arbeidsvilkår i strid med EØS-avtalen

 

EFTA sitt overvakingsorgan ESA gjev Noreg ei siste åtvaring når det gjeld forskrift om løns- og arbeidsvilkår i kontraktar for offentleg innkjøp. Ifølgje EØS-reglane må krav til løns- og arbeidsvilkår for arbeidarar som jobbar i Noreg for selskap heimehøyrande i andre EØS-land syne til ålmenne tariffavtalar og/eller lovgjevnad. Ein kan ikkje ha eigne reglar som berre omfattar offentleg innkjøp. 

Les mer

Europeerne bekymret for dårlig databeskyttelse

 

Eurostat la 16. Juni frem resultatet av den største undersøkelsen som hittil har vært gjennomført når det gjelder folks oppførsel og holdninger til databeskyttelse og elektronisk identitet. Temaet er aktuelt ettersom Europakommisjonen nå forbereder en reform av EUs regelverk for databeskyttelse se her og her

Les mer

Nytt arbeidsprogram for EU/EØS-saker

Utanriksdepartementet i samarbeid fleire andre departement har utvikla eit nytt arbeidsprogram for EU/EØS-saker for 2011/2012 som vart lagt fram 22. juni. Programmet inneheld ei oversikt over dei prioriteringane Noreg gjer i høve EU på ulike område og i enkeltsaker det komande året.

Les mer

Høyring om direktivet for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar

Som eit ledd i Single Market Act og for å gjere europeisk økonomi meir konkurransedyktig ynskjer Europakommisjonen no å modernisere direktiv 2005/36/EC for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Målet er at det skal føre til meir vekst og skape fleire arbeidsplassar. Kvalifiserte arbeidstakarar må kunne reise til dei områda jobbane finst.

Les mer

Kamp mot vaksineskepsis etter rekordhøgt utbrot av meslingar i EU

Sidan januar 2011 har det vorte rapportert inn over 10 000 tilfelle av meslingar i atten forskjellige land i EU. Ein plutseleg ny framvekst av meslingar i Europa har sjokkert helseministrane i EU og sett fokus på den stadig aukande skepsisen rundt vaksinering mot epidemiar. Skepsisen seiast å skuldast middelklasseforeldre sin aukande redsel for faktiske og moglege biverknadar av vaksinering.

Les mer

Norske verksemder inviterast til samarbeid om grøn innovasjon i Estland

Eit eige program på nærmare 50 millionar kroner vert no oppretta gjennom EØS-midlane. Resultata frå den førre programperioden er gode. Midlane vert mottekne med entusiasme og skapar stor aktivitet også mellom norske samarbeidspartnarar. Samstundes har samarbeidet mellom Noreg og Estland vorte tettare.

Les mer

EUs digitale agenda: evaluering av siste års resultater

Som en oppfølging til EUs digitale dagsorden, la Kommisjonen 31. mai 2011 fram en digital resultattavle (scoreboard) for perioden mai 2010 – mai 2011. Her ser de på digital bruk i de 27 medlemslandene, søkerlandene Island, Tyrkia og Kroatia – og Norge. Norge kommer veldig godt ut.

Les mer

Nytt forbrukardirektiv i EU

Etter ein prosess som har vart i to og eit halvt år kom representantar frå EU-institusjonane til einigheit om eit nytt forbrukardirektiv 6. juni 2011. Direktivet vil gje forbrukarar over heile Europa like rettar til informasjon før dei handlar og rett til å angre kjøpet i fjorten dagar for sal utanfor butikk. Direktivet er tenkt å erstatte direktiva om fjernsal, sal utanfor fast utsalsstad, forbrukarkjøp og om urimelege avtalevilkår. Forhandlingane må stadfestast i formelle vedtak i Europaparlamentet og Det Europeiske Råd.

Les mer