Norske krav om løns- og arbeidsvilkår i strid med EØS-avtalen

 

EFTA sitt overvakingsorgan ESA gjev Noreg ei siste åtvaring når det gjeld forskrift om løns- og arbeidsvilkår i kontraktar for offentleg innkjøp. Ifølgje EØS-reglane må krav til løns- og arbeidsvilkår for arbeidarar som jobbar i Noreg for selskap heimehøyrande i andre EØS-land syne til ålmenne tariffavtalar og/eller lovgjevnad. Ein kan ikkje ha eigne reglar som berre omfattar offentleg innkjøp. 

I den norske forskrifta heiter det likevel at kontraktane for offentleg innkjøp må seie noko om at arbeidarane ikkje skal ha dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn det som er gjeldande i nasjonal tariffavtale eller det som elles er vanleg for tilsvarande arbeid i den aktuelle sektoren. 
Ifølgje EFTA har Noreg rett til å ta omsyn til sosiale forhold i offentlege anbod. Men då lyt Noreg fylgje oppskrifta i Utstasjoneringsdirektivet om ålmenne tariffavtalar. For reingjeringssektoren og for bygg- og anleggsbransjen har Noreg allereie ålmenngjorte tariffavtalar på plass. Noreg har to månadar på seg til å gjennomføre dei naudsynte endringane. 
 
Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm uttalar at ho er skuffa over at ESA ikkje har fylgt den norske argumentasjonen i saka. Ho meiner det er uakseptabelt at myndigheitene ikkje skal kunne gå føre med eit godt eksempel når det gjeld å hindre sosial dumping. Noreg vil i fyrste omgang be om utsett frist frå ESA for å kunne vurdere nøye kva Noreg vil gjere vidare i saka.