Offentleg innkjøp av innovative løysingar

27. juni i Turin i Italia føregår det ein konferanse som bør vere av interesse for regionale og lokale myndigheiter over heile Europa. Konferansen vert arrangert i samband med lansering av CIP/EIP-utlysinga (Rammeprogrammet for konkurranseevne og innovasjon) vedrørande offentleg innkjøp av innovative løysingar, der målet er å vere betre rusta i møtet med sosiale utfordringar, levere betre offentlege tenester og å bidra til innovasjon i små og mellomstore bedrifter. 

Konferansen som vert arrangert av Torino by og Piemonte-regionen i samarbeid med Europakommisjonen sitt generaldirektorat for næring, vil samle innovasjonsaktørar , innkjøpssjefar for det offentlege, og avgjerdstakarar på europeisk, nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, samt representantar frå små og mellomstore bedrifter og Europakommisjonen.

På dag éin av konferansen skjer sjølve CIP-lanseringa, og det vil òg vere ein politisk debatt der m.a. visepresidenten i Europakommisjonen, Antonio Tajani, den italienske industriministaren, Paolo Romani, vil delta.

 Dag to av konferansen skal nyttast til å dele erfaringar om PPI (offentleg innkjøp av innovasjon) og å stimulere til nettverksbygging mellom innovasjonsaktørar på parallelle sesjonar som omhandlar PPI innanfor sektorane miljøvenlege bygg og byutvikling, samferdsle og helse.

Sjå heile programmet her.

For meir informasjon om konferansen og påmelding (innan 10. juni) sjå her, eller kontakt arrangørane på telefon +39-011-44 25951/25955/25983 eller e-post: ppi2011turin@comune.torino.it.