Nytt arbeidsprogram for EU/EØS-saker

Utanriksdepartementet i samarbeid fleire andre departement har utvikla eit nytt arbeidsprogram for EU/EØS-saker for 2011/2012 som vart lagt fram 22. juni. Programmet inneheld ei oversikt over dei prioriteringane Noreg gjer i høve EU på ulike område og i enkeltsaker det komande året.

Arbeidsprogrammet er ikkje ei fullstendig oversikt over aktuelle EU/EØS-saker, men omhandlar dei sakene som er viktigast for Noreg. Med programmet freistar ein å følgje opp målsetjingane med europapolitikken på ein effektiv og god måte.

Noreg ynskjer å påverke EU dersom det er mogeleg og i dei tilfella ein kan få noko att for det. Erfaringsmessig er det på dei områda Noreg innehar særskilt kompetanse at det er lettast å påverke EU sitt lovgjevingsarbeid i ei positiv retning for Noreg sin del.

Arbeidsprogrammet vil vere eit viktig styringsdokument i offentleg forvalting og eit referansedokument for alle aktørar som jobbar med EU og EØS.

Sjå arbeidsprogrammet her

Kjelde: Den norske EU-delegasjonen