Høyring om direktivet for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar

Som eit ledd i Single Market Act og for å gjere europeisk økonomi meir konkurransedyktig ynskjer Europakommisjonen no å modernisere direktiv 2005/36/EC for godkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Målet er at det skal føre til meir vekst og skape fleire arbeidsplassar. Kvalifiserte arbeidstakarar må kunne reise til dei områda jobbane finst.

I grønboka vert det lagt fram fleire måtar ein kan styrke mobiliteten på:

• Profesjonelt id-kort: Akademisk bakgrunn godkjent av kompetent myndigheitsinstans i eitt medlemsland som lett kan nyttast i andre medlemsstatar som prov på at innehavaran av kortet har dei naudsynte kvalifikasjonane.
• Interessentar kan komme med innspel rundt potensialet av ei felles plattform for å gjere yrkesmobilitet enklare på område der det ikkje er utvikla noko automatisk godkjenning ved å utvikle felles kriteria for yrkeskvalifikasjonar. Desse kan nyttast til å gjere skilnadane på yrkeskvalifikasjonar mindre.
• Minimum utdanningskrav for enkelte yrke (t.d. innan helsesektoren) kan òg reformerast. Det kan krevje endringar med omsyn til varigheit og innhald i opplæringa og språkkunnskapar. Det vil òg styrke legitimiteten i automatisk godkjenning av utdanninga.

Interessentar kan svare på høyringa innan 20. september 2011. Europakommisjonen vil organisere ein påfølgjande konferanse 7. november 2011. Forslag til ny lovgjeving er venta i desember 2011.

Svar på konsultasjonen her.