Nytt forbrukardirektiv i EU

Etter ein prosess som har vart i to og eit halvt år kom representantar frå EU-institusjonane til einigheit om eit nytt forbrukardirektiv 6. juni 2011. Direktivet vil gje forbrukarar over heile Europa like rettar til informasjon før dei handlar og rett til å angre kjøpet i fjorten dagar for sal utanfor butikk. Direktivet er tenkt å erstatte direktiva om fjernsal, sal utanfor fast utsalsstad, forbrukarkjøp og om urimelege avtalevilkår. Forhandlingane må stadfestast i formelle vedtak i Europaparlamentet og Det Europeiske Råd.

Europakommisjonen la frå forslaget til direktivet med bakgrunn i ulik lovgjevnad i EU-landa, noko som skapar barrierar for den indre marknaden og som er til ulempe både for forbrukarane og næringsdrivande. Direktivet er totalharmonisert, noko som vil seie at EØS-landa ikkje kan lage nye eller oppretthalde gamle reglar som ikkje er i tråd med direktivet i sin nasjonale lovgjevnad. Dersom det føreslegne direktivet om forbrukarrettar vert vedteke i EU vert Noreg nøydde til å endre fleire lover.

I tillegg til angreretten, skal alle varer som skal tilsendast leverast til kjøpar innan 30 dagar, elles kan kjøpar heva kjøpet. Digitale varer er unnateke angreretten.

Forhandlaren er ansvarleg for skadar eller forsvunne varer under sending, og namn og adresse til seljaren må vere tydeleg.

Medlemmar i Europaparlamentet ynskte at forhandlarane skulle betale for retur av varer med ein verdi på meir enn 40 euro, men Rådet ville ikkje gå med på dette. I staden vil politikarane i parlamentet no at Rådet skal akseptere at kostnadane ved retur av produktet ved fjernsal skal gå klårt fram av salskontrakten. Parlamentet håpar at dette vil gjere det lettare for forbrukarane å gjere medvitne val når dei skal avgjere kvar dei handlar samt auke konkurransen mellom verksemder.

Dersom regjeringar i EU-landa gir grønt lys for direktivet denne veka som forventa, vil parlamentet godkjenne lovgjevinga 23. juni.

Les meir her og her