Norske verksemder inviterast til samarbeid om grøn innovasjon i Estland

Eit eige program på nærmare 50 millionar kroner vert no oppretta gjennom EØS-midlane. Resultata frå den førre programperioden er gode. Midlane vert mottekne med entusiasme og skapar stor aktivitet også mellom norske samarbeidspartnarar. Samstundes har samarbeidet mellom Noreg og Estland vorte tettare.

Norsk næringsliv er den fjerde største investoren i Estland. og regjeringa ynskte difor å få på plass ei eiga satsing på grøn innovasjon, ifølgje Jonas Gahr-Støre. Utanriksministeren underteinka nyleg avtalen om fordelinga av EØS-midlar til Estland fram til 2014 saman med Estland sin utanriksministar, Urmas Paet, i Oslo. Bidraget er på nærmare 360 millionar kroner (44,9 millionar euro).

EØS-midlane skal bidra til å redusere sosiale og økonomiske skilnadar i Europa. 95 % av EØS-midlane kjem frå Noreg, resten frå Island og Liechtenstein.