Danmark har tatt over formannskapen i EU

Danmark tok over Polen sitt formannskap i Rådet 1. juli. Tryggleik og grøn konkurranseevne står på agendaen det neste halvåret. 

Under slagordet «eit sterkt Europa i ei verd i endring» har Danmark sett kursen for EU sine prioriteringar dei neste seks månadane. I ei tid prega av krig i Ukraina, global uro og press på energimarknaden, er bodskapen klar: Europa må stå sterkare saman.

Korleis funkar formannskapen i Rådet?

Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapen har ansvar for å leie møta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapen har rotert mellom medlemsstatane kvar 6. månad sidan 1958, og dei 27 noverande medlemane får tildelt dette vervet kvart 13,5 år. Ordninga med triosamarbeid, også kalla troika, vart innført i 2009 i samband med Lisboa-traktaten. Trioen har ein felles agenda som legg grunnlag for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar.

Danmark er andre land ut i den 18 månader lange formannskapstrioen saman med Polen og Kypros. Dette er åttande gong Danmark leiar Rådet og formannskapen har to overordna prioriteringar: tryggleik og grøn konkurransekraft.

Eit tryggare Europa

Danmark vil gjere EU meir handlekraftig i møte med sikkerheitspolitiske utfordringar. Konkret betyr det:

  • Auka militært samarbeid og vidare støtte til Ukraina.
  • Framdrift i forhandlingane om European Defence Industrial Programme (EDIP), som skal styrke europeisk forsvarsindustri.
  • Betre handtering av migrasjon og oppfølging av EU sin asyl- og migrasjonspakt (Pact on Migration and Asylum).

Eit grønt og konkurransedyktig Europa

Den grøne omstillinga skal gå hand i hand med økonomisk vekst. Blant tiltaka er:

  • Arbeide for effektiv implementering av Net Zero Industry Act (NZIA) – som skal løfte EU som leiande innan grøn industri.
  • Gjennomføring av Critical Raw Materials Act, for å betre tilgangen på viktige råvarer.
  • Forenkla regelverk for små -og mellomstore verksemder gjennom SME Relief Package.

 Energi: Grøn kraft og forsyningstryggleik

Energi er eit sentralt satsingsområde i det danske programmet, både som klima- og tryggleikspolitikk. Dette inkluderer mellom anna:

  • Energiinfrastruktur: Danmark vil følge opp initiativ i Kommisjonen sin handlingsplan for rimeleg energi, og skal leie diskusjonar om eit oppdatert EU-rammeverk for energiinfrastruktur. Eit slikt rammeverk vil leggje vekt på utvikling av straumnettet, forenkla løyvingar til grøne energiprosjekt og tilhøyrande infrastruktur, samt sikre eit investeringsrammeverk som er tilpassa desse satsingane.
  • Uavhengig energiforsyning: Fortsette arbeidet med å fase ut energiimport frå Russland og leggje til rett for tettare energisamarbeid mellom medlemslanda.
  • Energiskatt: Revidering av energiskattdirektivet for å sikre at det samsvarar med klima- og miljøpolitikken til EU og oppmuntre til bruk av fornybare energikjelder.

Utdanning og kompetanse

Danmark løfter utdanning og ungdomspolitikk som ein del av den langsiktige konkurransekrafta til Europa. Nokre av tiltaka inkluderer:

  • Yrkesfagleg opplæring: Det danske formannskapet vil arbeide for ei ny erklæring om europeisk samarbeid om yrkesopplæring. Den skal etterfølge Osnabrück-erklæringa (2020-2025).
  • Det europeiske utdanningsområdet: Revidering av det strategiske rammeverket til Det europeiske utdanningsområdet (European Education Area, EEA) for perioden 2025-2030.
  • Ungdom og demokratiforståing: Tiltak for å styrke mediekunnskap og handtering av desinformasjon. Formannskapen vil også styrke deltakinga til unge gjennom EU Youth Dialogue.
  • Arbeidskraft: Fremje implementeringa av EU Talent Pool-plattforma for å tiltrekke arbeidskraft frå tredjeland.

Geopolitikk

Formannskapet er også prega av geopolitikk og verdibaserte prioriteringar:

  • EU-utviding: Bidra til framgang i medmelsforhandlingane med Ukraina, Moldova, Georgia og landa på Vest-Balkan.
  • Demokrati og rettsstat: Arbeid for å styrkje EU sine grunnleggjande verdiar, pressefridom og rettstryggleik.

Formannskapen ynskjer også å styrke samarbeidet med EFTA-landa. For Noreg sin del er det positivt at det er Polen og Danmark som har formannskapa i 2025, då vi har eit tett bilateralt samarbeid med begge landa.

Du kan lese heile formannskapsprogrammet til Danmark her.

Trioprogrammet til Polen, Danmark og Kypros finn du her.