Kvam sitt administrative senter er regionsenteret Norheimsund; andre tettstader er Øystese, Strandebarm og Ålvik.

Kommunen har eit folketal på 8 560 pr. 01.01. 2014, og har opplevd ei sterk tilflytting dei siste åra. I Kvam er det eit godt utbygt tenestenivå og kommunen har 3 vidaregåande skular.

Næringslivet i kommunen er variert. Dei to største bedriftene er smelteverket Elkem Bjølvefossen AS i Ålvik, og skipsverftet Fjellstrand AS på Oma som mellom anna lager hurtiggåande båtar i aluminium. Også reiselivsnæringa er svært viktig, og i Kvam ligg det 2 hotell og ca 200 fritidshus for utleige. I tillegg er det nærare 3000 privateigde hytter i kommunen, der særlig Kvamskogen er eit viktig fritids- og rekreasjonsområde for både lokalbefolkninga og folk frå Bergen. Andre næringsvegar er møbelindustri, mekanisk industri, oppdrett, veksthus og eit sterkt jordbruksmiljø med meieri.

Kulturlivet i Kvam er sterkt og i vekst. Hardanger Kunstskule på videregående nivå er etablert og i Ålvik ligg Kunstarhuset Messen. Her er og fleire etablerte kunstnarar med eigne sals- og utstillingslokaler. I Øystese ligg det nye monumentale kunsthuset Kabuso som er Tusenårsstaden i Hordaland. Kabuso er ein viktig motor i kulturlivet. I Norheimsund ligg Hardanger Fartøyvernsenter som er eit nasjonalt senter for restaurering av trebåtar. Kvam herad har under planlegging eit regionalt kulturhus med sentral tomt i regionsenteret Norheimsund. Alle bygdene har grendahus som fungerar som lokale “kulturhus”. Kvam herad er kåra til beste kulturkommunen i Hordaland fylke i 2006 og 2012.

Norheimsund vann Statens pris som attraktiv stad i 2013.

Sjå Kvam si heimeside for meir informasjon.

Våre medlemmer