Austevoll er ein leiande fiskeri- og oppdrettskommune og fisk frå Austevoll finn vegen til matfat over heile verda. Kommunen har også fleire offshorereiarlag med omfattande internasjonal verksemd. Kommunen er i vekst og utvikling, og i botn ligg ein gründervilje som har prega dette naturskjøne øyriket gjennom generasjonar.

Ei ferjereise frå Bergen, ligg Austevoll kommune. Øysamfunnet har drygt 5.100 innbyggjarar og består av 667 øyer og holmar. Austevoll byr på storslåtte naturopplevingar både på land og til sjøs. Store delar av næringslivet er tilknytt havbaserte næringar, med eit mangfald av spennande arbeidsplassar.

Dei tre hovudnæringane i Austevoll er fiskeri, havbruk og offshorereiarlag. I tillegg er kommunen eit ynda reisemål. Juvelen i reiselivsnæringa er Bekkjarvik Gjestgiveri, eit ærverdig hotell i kommunens nest største bygd, med unik atmosfære og mat i verdsklasse. På kjøkkenet står Ørjan Johannessen, vinnar av Bocuse d’Or 2015, og tvillingbroren Arnt, som blei kåra til årets kjøkkensjef i Noreg i 2015. I kommunen er det også rorbuer og hus til utleige, og rundt 1.000 hytter.

Austevoll er eit velutvikla og moderne samfunn som òg tek vare på den unike kyst- og bygdekulturen. Her finst historiske handelsstader, nothengjer og gamle naust. Villsauen beitar over heile kommunen, og fortel om den eldgamle historia til øysamfunnet. Den gamle utegangaren har blitt eit viktig symbol på eit vêrhardt og sjølvstendig folkeslag som har budd på øyane sidan steinalderen.

Les meir på kommunen sine heimesider.

Våre medlemmer