Eidfjord kommune ligg inst i den vakre Hardangerfjorden, med kort veg mellom fjord og fjell. Kommunen strekker seg over  1500 km² , og har 948 innbyggjarar.

Kommunen er sjølv største arbeidsgjevar i Eidfjord. Næringslivet er elles prega av at Eidfjord er eit av dei mest attraktive reisemåla på Vestlandet.  Arbeidsplassar innan småindustriverksemder, vasskraftforsyning og jordbruk gjev kommunen også mange arbeidsplassar.

Eidfjord  har vore eigen kommune sidan 1977, og kraftutbygginga på 70-talet har gjeve dei økonomisk armslag til å gje innbyggjarane  gode tenestetilbod. Tomter i kommunale byggjefelt er rimelege, og eit kommunalt byggjetilskot på kr 200.000 vert gjeve til innbyggjarar som byggjer for fyrste gong. Ei samordna pleie- og omsorgsteneste gjev gode tenester til dei som har trong for slike.

Store delar av Hardangervidda nasjonalpark og landskapsvernområde ligg innanfor kommunen sine grenser. Friluftsliv, jakt og fiske er viktige ingrediensar i livet i Eidfjord. Stupbratte fjellsider med fossefall som kastar seg ned mot fjorden gjev eit dramatisk inntrykk. Nede ved fjorden innbyr fine dagar til både båtliv, fisking og bading. Eit rikt kulturliv er å oppleva både i Eidfjord og elles i Hardanger. Kino, flotte museum og galleri, utstillingar, lokale handverkartradisjonar, kunsthandverkarar med meir, er med på å setja sitt preg på regionen.

Les meir om Eidfjord på kommunen si heimeside.

Våre medlemmer